Høgare ramme til offentleg sektor

Under Unio sin inntektspolitiske konferanse starta Unio-leiar Ragnhild Lied med å vise til det dystre bakteppe med det brutale, russiske angrepet på Ukraina og oppfordra til solidaritet med det ukrainske folk.

– Vi står fullt og heilt bak vår internasjonale fagorganisasjon si fordømming av den russiske invasjonen. Vi håper at diplomati og forhandlingar kan få ein rask slutt på krigshandlingane, sa Lied.

Unio-leiaren viste til at millionar av uskyldige blir råka og drivne på flukt og ga utrykk for at det er positivt at regjeringa er tydeleg på at Noreg skal ta sin del av ansvaret og gje flyktningane mellombels kollektivt opphald.

– Det vil sikre raskare busetting og raskare integrering. Det er viktig at busettinga i kommunane skjer raskt. Unio sine yrkesgrupper sto sentralt i mottaket og integreringa av flyktningar frå Syria i 2015. Det ansvaret er vi klare til å ta igjen. Det handlar om alt frå registrering ved ankomst til helsehjelp, barnehage, ja, utdanning på alle nivå og arbeid, sa Ragnhild Lied.

Norsk økonomi går godt

Ho viste vidare til at vi no står vi framfor eit lønnsoppgjer og at krigen i Ukraina påverkar norsk og internasjonal økonomi.

– Til tross for dette er norsk økonomi på rask veg ut av koronakrisa og verknadane for norsk næringsliv av krigen i Ukraina er avgrensa. Når det gjeld olje, gass og vasskraft, profitterer oljeselskapa, den norske stat og kraftverkskommunane stort på gjeninnhentinga etter koronapandemien og krigen i Ukraina, sa Lied.

– I denne situasjon må vi klare å handtere lønnsoppgjeret på vanleg måte. Det er ikkje behov for å utsette oppgjeret slik som i 2020 då koronaen traff.

Lønnsnivå og lønnsutvikling

Lied peika både på utfordringar når det gjeld lønnsutvikling og lønnsnivå for Unio sine yrkesgrupper, og trakk fram at gjennomsnittslønna i industrien ligg 100 000 kroner høgare enn i kommunesektoren sjølv om det er ein langt større andel med høgare utdanning i kommunesektoren.

Tal frå TBU viser at offentleg sektor har eit stor etterslep på lønn dei siste to åra. Mange i offentleg sektor har også eit historisk gitt dårleg utgangspunkt grunna arbeidsgivarar og politikarar si lave verdsetting av det arbeidet som blir utført i offentlege velferdsyrker.

– Difor er det så viktig at vi tar igjen litt av dette i år. Vi vil ha utteljing for kompetanse, ansvar og sikkerheit, sa Lied.

Treng fleire med høgre utdanning

Unio-leiaren gjentok at Unio står fast på at offentleg sektor skal ha ei større ramme enn frontfaget i årets oppgjer og viste til fleire gode grunnar til det.

– Det handlar om å ta igjen etterslepet. Det handlar om at utdanning skal lønne seg. Det handlar om konkurransevne og kvalitet, sa Lied.

Ho viste også til store utfordringar med å rekruttere og behalde høgt utdanna arbeidskraft i offentleg sektor.

– For arbeidsgivarar og styresmakter burde det dessutan handle om å behalde og rekruttere godt utdanna arbeidskraft. Og dette er det fullt mogleg å få til innanfor ei fleksibel praktisering av frontfagsmodellen. Vi skal stå på og gjere det vi kan for å bidra til å finne ei løysing, avslutta Lied.