LønningsKVISS 15. mars 2024

Det er snart klart for lønningsKVISS! Bli med på ei uformell, sosial og kjekk samling i Storstova på Velle skule, fredag 15. mars kl 19.00.

Dette kurset er gjennomført

Om kurset

Hvor og når?
fredag 15. mars kl. 19:00 - 21:00

Velle skule

Anders Hovden-Gata 4, 6153 ØRSTA

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

13.03.2024

Praktisk ansvarlig

Dagny Riise Heggestad
E-post: [email protected]
Telefon: +4790090947

Vi inviterer til lønningsKVISSkl 19.00 i Storstova på Velle skule.

Dette er ei uformell, gratis og sosial samling, og tilbodet går til alle medlemane i Utdanningsforbundet Ørsta. Kanskje vil nokre fortsette kvelden på ein utestad etterpå?

Spørsmåla i kvissen vert ei god blanding frå ulike tema, med passe vanskegrad. Vi justerer tema etter tilbakemedling frå kvissen vi hadde i november i fjor. Ein treng ikkje å ha danna lag på førehand, det ordnar vi lett der og då. men det kan maksimalt vere fem pr. lag!

Det vert sjølvsagt premiar. Målet er å gjere noko kjekt i lag, i tillegg til at du får brynt dei ‘små grå’.

Sidan det blir servert pizza og brus, treng vi påmelding frå alle som ynskjer å delta. Påmeldingsfrist er 13. mars. Vi har eit maks-tal på 70 stk., så her er det ‘først til mølla’-prinsippet som gjeld. Ta med i påmeldinga om du treng tilrettelegging mtp.  allergen, funksjonshindringar el.l.

Bruk gangvegen/slusa mellom Ørsta vgs. og Ørsta stadion. Om du kjem med bil, parker ved Ørstahallen, Ørsta vgs. eller Kulturhuset. Inngang til Storstova i glasbygget/atriet på baksida av skulen.

Kom som du er, vi håper å sjå deg der!

Vennleg helsing styret i Utdanningsforbundet Ørsta