Gratulerer med tariffavtale på Kolbeinsvik Montessoriskule på Austevoll

Kolbeinsvik Montessoriskule på Austevoll har inngått tariffavtale med Utdanningsforbundet. Dette er me i fylkeslaget glade for, og me ville markera det med kake til dei tilsette. Rektor uttalar at for ho og styret har det vore viktig å få på plass ein tariffavtale, ikkje minst for å sikra dei tilsette rett til AFP.

I  Utdanningsforbundet Vestland har me mange private skular. Ivaretaking av medlemmene våre og arbeid for gode løns- og arbeidsvilkår er ei viktig oppgåve for oss.

Me har difor eit eige utval for dette. 

Utvalet for private verksemder skal vere eit rådgivande organ for fylkesstyret, vidare kan fylkesstyret gi oppdrag til utvalet når fylkesstyret har behov for det.

Utvalet skal:

1. Halde oversikt både over tal på private verksemder og kor mange medlemmer som er der. I samarbeid med lokallaget, krevje tariffavtale når vi har nok organiserte tilsette i den einskilde verksemda, og søkje allianse med andre fagforeiningar på arbeidsplassen.

2. Legge til rette for nettverk for ulike eigarar, anna pedagogikk, livssyn med

meir.

3. Skulere i det som er spesielt for nettverket – til dømes oppfølging av

avtaleverk: løn, pensjon og arbeidsvilkår.

4. Vurdere behov for kursing av leiarar og tillitsvalde dersom det er ønskjeleg.

5. Ha kontakt med barnehagar ved eigarskifte/ verksemdsoverdraging og halde fylkesstyret informert.

6. Gje innspel til fylkesstyret som kan spele inn saker til sentrale

forhandlingsutval som gjeld løn og avtaleverk.

7. Ha eit særskilt ansvar for rettleiing i lønnsforhandlingar.

8. Ta ansvar for, eller vere delaktige i, høyringar som kjem på området.

 

Medlemmer i utvalet er :

Solfrid Furre BHG  (leiar)

Marit Himle Pedersen GRS

Hilde Mathea Hildal Hauglid VGS

Elin Haugsvær Gravdal, tilsett

Odd Arild Viste, BHG Bergen lokallag

Isabel Jensen, GRS Bergen lokallag

 

Gratulerer igjen med tariffavtale til alle ved Kolbeinsvik Montessoriskule på Austevoll.