Regionale samlingar

Medlemsgruppe barnehage i fylkesstyret har denne veka vore på ei lita rundreise i det vakre fylket vårt.

Vi starta ut på medlemsmøte i Alver og vi har gjennomført to regionale dagsamlingar i Førde og på Voss. Tillitsvalde på lokallagsnivå og tillitsvalde på arbeidsplassane var målgruppe for desse samlingane.

Tema for reiserunden har vore; arbeidstid, ny rettleiar for tilstrekkeleg bemanning i barnehagen og psykososialt arbeidsmiljø.

Det å møte medlemmer og tillitsvalde ute i lokallaga er det viktigaste og kjekkaste vi gjer i vervet vårt.

Medlems- og tillitsvaldsstemma er svært viktig for å sette agenda for vårt arbeid i fylkesstyret, så takk for alle gode innspel og tilbakemeldingar til oss. Ikkje minst takk for alle gode diskusjonar, og spesielt dei med litt fyr i, der vi får bryne oss litt på kvarandre sine meiningar.

Det er gull verdt!