Stemningsrapport frå årets pensjonistsamling

9.-10. april arrangerte pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Vestland pensjonistsamling i Loen.

Det var to innhaldsrike dagar for dei frammøtte og i tillegg til ulike foredrag, fekk me gode musikalske innslag undervegs i arrangementet. Det var godt oppmøte frå pensjonistar frå heile fylket, og også frå Møre og Romsdal.

imagervpdn.png

Torbjørn Gran opna programmet tysdag med eit engasjert, sterkt og tankevekkjande innlegg om prosjektet Gatelangs. Han vist korleis det, blant anna med gitar og song, kan tennast håp i ein trasig og tung kvardag. Han minna og om at dette med alvorlege rusproblem ikkje er eit reint byfenomen.

image4fcoq.png

Avgått utanriksreportar i NRK, Roger Severin Bruland, var andre foredragshaldar ut på tysdag kveld. Ha gav oss eit tilbakeblikk på pandemien, som journalist ute i Europa, ikkje minst i starten i Italia. Han delte og sterke opplevingar, latter og tårer, frå eit krigsherja Ukraina.

image6mbx.png

Leiaren for Pensjonistrådet, Connie Hamre, introduserte Torbjørn Gran og presentasjonen av Gatelangsprosjektet.

imagexdmol.png

Torbjørn Gran avslutta kvelden tysdag med ein kombinajson av konsert og allsong, og var godt nøgd med lærarkoret!

imagehuc6q.png

Me vart vitne til ein artig “Reunion” i Loen: Sten Uno Rambøl. og Torbjørn Gran spelte saman i tre år ei tid tilbake. Det var 17 år sidane sist, men dei fann raskt tonen og koste seg, saman med tilhøyrarane.

imagel03ff.png

Helga Hjetland kåserte med overskrifta “Når du vert gamal og ingen vil ha deg….” og slo fast at at kråka ikkje skal få ta oss. “Best før, ofte god etter” var eit anna sitat ho viste til!

imagevwe.png

Nestleiaren i Utdanningsforbundet Vestland, Mildrid Kronborg Økland, informerte om
“Vårens vakraste eventyr”, Lønsoppgjeret, Tariff 2024, og andre aktuelle saker.

imageuc6elf.png

Bjørn Kristian Lie, frå Pensjonistrådet, forklarte kva som skjedde i trygdeoppgjeret i 2023 og kom med siste nytt frå KS om pensjonistløn.

image0hle.png

Heidi Rennestraum, Pensjonistrådet sin faste kontaktperson i fylkesstyret, orienterte om nettsida til Utdanningsforbundet, ein viktig informasjonskanal og for pensjonistane! 

Tekst: Geir Arne Aspebakken og Mildrid Kronborg Økland. Alle foto i artikkelen er tekne av Geir Arne Aspebakken.