Pensjonisttreff

No er klokka stilt mot vintertid, og dagslyset blir stadig kortare, då er det fint med sosialt treff saman med tidlegare kollegaer. Dette er eit lågterskeltilbod for pensjonistane i Utdanningsforbundet Stad. Du er hjarteleg velkomen!

Dette kurset er gjennomført

Om kurset

Hvor og når?
torsdag 23. nov. kl. 12:00 - 14:30

Bryggja Grendahus

Nordfjordvegen 7786 7786, 6711 BRYGGJA

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

17.11.2023

Praktisk ansvarlig

Siv Tonje Otneim
E-post: [email protected]
Telefon: 41438094

Informasjon om pensjonisttreff

Gode pensjonist-medlem.

Du er med dette invitert til pensjonisttreff i Utdanningsforbundet Stad

Denne gongen har vi valt å ha treffet om lag midt i kommunen vår. Vi møtest i Bryggja Grendahus, torsdag 23. november kl. 12.00. Dei fleste veit sikkert kor det huset ligg, men for ordens skuld – det ligg ved riksveg 15, like vest for avkøyringa til Åheim.

På det førre treffet (i Selje) kom det signal om at det viktigaste med slike treff, er å kome saman, kunne treffast. Det ein gjerne kallar det organisasjonsfaglege, kom i andre rekke. Vi vil vektlegge det på dette møtet.

Vi har laga plass for litt skulehistorikk. Martin K Waag, tidlegare lærar, rektor, og no pensjonistmedlem i UDF Stad, vil gje oss litt innsyn i det, frå Bryggja-området.

Om nokon kan stille med ei god historie, frå skule, eller ikkje, er det velkome. Det same gjeld om nokon vil bidra med eit dikt, eller ein song, Kanskje vert det stemning for å syngje noko i lag?

Dette vert programmet, saman med praten over ein kaffi/te-kopp, med noko attåt.

Om nokon har spørsmål om organisasjons-faglege ting,  så vil vi så langt råd er, svare på det.

På grunn av servering, treng vi påmelding til treffet. Den sender du på e-post til: [email protected], eller på SMS til 414 38 094, innan 17.november.

Hjarteleg vel møtt på Bryggja.

Helsing Utdanningsforbundet Stad.                                            

Siv Tonje Otneim                                      Ole Reinhardt Bugjerde   

leiar                                                             pensjonistkontakt