Deilig er jobben!

Endeleg! No håpar vi de er klare til ein frikveld med humor, alvor, god mat og hyggelege kollegaer. Det er påmelding på grunn av matservering. Vi ynskjer også å undersøke om det er interesse for gratisbuss frå Nordfjordeid, så det er fint om du melder deg på i dag!

Dette kurset er gjennomført

Om kurset

Hvor og når?
onsdag 03. nov. kl. 18:00 - 00:00

Stad hotell

Leikanger 56, 6750 STADLANDET

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

29.10.2021

Praktisk ansvarlig

Vigdis Heimdal Reksnes
E-post: [email protected]
Telefon: +4748237007

Vedlegg

plakat.pdf

Knapt noko er så deilig og motiverande som å skape noko saman med andre. Kjetil Hasselberg går både vitskapeleg og humoristisk til verks for å vise kva som gjer nokre arbeidsfellesskap meir harmoniske og produktive enn andre.

Kjetil har lang erfaring med kreative samarbeidsprosessar – både innanfor skule, humor og marknadsføring. Men ingen arbeidsplass gir så store moglegheiter for kreativt kollegasamarbeid som skule og barnehage, meiner han. Kjetil har jobba i skulen i til saman 16 år som hhv. sosiallærar, lektor og rektor, og han står bak psykososiale verktøy som Trivselsleder-programmet og Kjetil & Kjartans tips mot mobbing.

Føredraget vil gi deg konkrete tips om korleis du på best mogleg måte kan samarbeide kreativt med dine kolleger om gode løysingar i skule og barnehage.