Monika er 46 år gammal, og bur i Barmsund nær Flatraket saman med familien sin. Ho arbeidde i mange år innanfor helse og omsorg, før ho begynte i skulen. Tidlegare har Monika hatt mykje spesialundervisning, men ho er no kontaktlærar i 2. klasse. Med aktive barn og barnebarn går ettermiddagane fort, særleg når ho i tillegg er speidarleiar sjølv. Då kan det vere fint å ha litt tid åleine i bilen til og frå jobb. Avstanden mellom Barmsund og Stadlandet legg godt til rette for det.
Sjølv om organisasjonsgraden blant lærarar er høg, er vi alltid på jakt etter fleire medlemmer i Utdanningsforbundet. Som medlem hos oss er du ikkje berre ein del av det organiserte arbeidslivet, men du er òg med i den absolutt største lærarorganisasjonen for lærarar og leiarar i heile utdanningsløpet. Så om du ikkje er medlem sjølv, eller har ein kollega som ikkje er det, minner vi om at det er lett å melde seg inn via nettsida. Kanskje er det du som vert trekt ut i februar?
Vi i fylkeslaget gratulerer Monika med premien, og ynskjer henne og dei andre nyinnmelde i januar velkommen i organisasjonen!