Årsmøtepapir vert sende ut, som vedtektene seier, seinast 14 dager før møtet, 24.mars.
Påmelding til årsmøtet via nettstaden eller til tillitsvalde/ lokallagsleiar.
Årsmøtet er ope for alle, men dersom du vil vere med på middag, er det viktig å melde seg på møtet innan fristen.
(Dette med utgangspunkt i at middagsservering kan gjennomførast etter gjeldande reglar).
Send inn saker og resolusjonar!
Lokallagsstyret i Fjaler ynskjer å arbeide for å få eit årsmøte prega av saker som blir melde inn frå klubber og medlem. Vi ynskjer at de nytter årsmøtet som ein arena der saker som opptek dykk kan løftast, og føre til spanande og interessante diskusjonar på årsmøtet.
For at lokallagsstyret skal kunne behandle sakene, er frist for innsending av saker sett til 09.03. Bruk gjerne vedlagt skjema.
Kandidatar til lokallagsstyret
Valnemnda er i gang med arbeidet sitt. Dei tek gjerne imot innspel til gode kandidatar. Hugs å snakke med kandidatar de vil tipse om på førehand. På val i år er leiar, to styremedlem og tre varamedlem.
Frist for å melde inn kandidatar til valnemnda er 09.03.2022. Kontakt leiar Line Sofie Vereide på mail: [email protected] ved spørsmål eller innspel til kandidatar.