Fylkesstyremedlem Renate Karin Nordnes har skrevet om viktigheten av et fysisk praksismøte for studentene.
Tekst Renate Karin Nordnes
Publisert 12.05.2025
Tekst Renate Karin Nordnes
Publisert 12.05.2025
Finansiering av praksis i lærerutdanninga
I høve til lærarutdanningstilboda er ordet «praksis-sjokk» ofte høyrd. Eit søk på ordet leia faktisk berre til sakar som omhandlar lærargjerninga. Dette kan vere eit symptom på fleire ting.
På den eine sida kan det vere lærarutdanninga som ikkje i tilstrekkeleg grad førebur studentane på den kompleksiteten læraryrket utgjer, på den andre sida kan det vere at sjølve lærarrolla stadig blir meir krevjande og er i konstant endring.
Korleis kan praksis bli betre?
God praksis i utdanninga bør vere ein god medisin mot praksis-sjokk, og det blir stadig løfta fram nye idear og tankar om korleis denne medisinen skal fungere. Problemet er at medisin kostar, men praksis kjem ikkje på blå resept med eit finansieringssystem som ikkje tar høgde for praksiskostnadane i lærarutdanningane.
Innføringa av eit nytt finansieringssystem og strammare budsjett har allereie leia dei fleste institusjonane inn i økonomisk omstilling, der studiepoengproduksjon som eit sentralt insentiv for inntekt ikkje står i harmoni med låge søkartal til lærarutdanningstilboda.
I retningslinjene for lærarutdanning er det framheva at samarbeidet mellom lærarutdanningsinstitusjon og praksisfelt skal bidra til at studentane skal tileigna seg eit grunnlag for profesjonsutøving basert på vitskapleg kunnskap og erfaringskunnskap (UHR).
Tidlegare har praksisbesøk frå faglærarar vore ein naturleg del av dette samarbeidet, men i økonomiske omstillingstider har stadig fleire institusjonar gått over til digital praksisoppfølging for å spare midlar.
Nokre institusjonar har prøvd ut videoopptak som utgangspunkt for praksisoppfølginga, medan andre har samtaler med student og øvingslærar via digitale plattformar som Teams.
Eg er sjølv faglærar med praksisoppfølging og har fått beskjed om å ikkje reise på fysisk praksisbesøk dette året grunna økonomisk innsparing.
Praksisoppfølging har vore ein viktig del av min rolle som lærarutdannar, samtidig som eg gjerne skulle ha vore enno meir til stade saman med studentane i praksis.
Innblikket i klasserommet og møtet med øvingslærar er ein like viktig del av det heile. Lukta av skole og klasserom er ikkje den same på Teams og samtalen blir avgrensa frå observasjon av elevar og student. Det kunne gjerne ha vore sterkare grad av praksisoppfølging for å styrke samhandlinga mellom praksisfelt og utdanningsinstitusjon, men går trenden no i motsett retning?
Digital oppfølging
Digital praksisoppfølging er ei trend som spreier seg samtidig med at både retningslinjer og politiske meldingar peiker i motsett retning, der praksis skal vere sentralt forankra i samarbeidet kring studentane si utvikling.
Problemet er at praksisoppfølginga er kostbart, og enn så lenge midlar ikkje er øyremerka i bevillingane gjennom statsbudsjettet blir det opp til kvart enkelt universitet og høgskole å løyse floka med å drifte utdanningstilboda med mindre pengar.
Lærarutdanningsinstitusjonane har store utgifter knyta til praksis allereie med den ordninga vi har i dag, men dei gjer ikkje inntekt utan studiepoeng. Inntekta er fordelt mellom basis og resultatbasert utteljing, og praksiskostnadane kan ikkje gi grunnlag for resultatbasert finansiering i dagens system.
Øyremerka finansiering av praksis
Problemet kring finansieringssystemet og praksis er óg trekt fram i meldinga: «Regjeringa vil greie ut om finansieringa av praksis i profesjonsutdanningane bør bli endra (KD, 2024,s. 90)».
Det er på tide å ta politiske grep når praksisoppfølging blir meir og meir digital, då dette kan bidra til å bremse den samhandlinga som er naudsynt for å sikre ei god og kvalitetssikra profesjonsretting der praksis blir et reelt bindeledd mellom utdanningsinstitusjon, student og praksisfelt.
Mange utprøvingar av alternative organiseringar av praksis er på gang, men samtidig utløyser dette kostnadar for å kunne fungere optimalt. Øyremerka finansiering av praksis til lærarutdanningstilboda er nok den rette medisin for at ordet praksis-sjokk skal kunne koplast frå lærarutdanninga.