Kjære politikar, vil du og ditt parti verkeleg satse på skulen?

Alle parti har gode intensjonar for norsk skule, men kva skjer når politikken skal gjennomførast? Norsk skule manglar framleis mange lærarutdanna lærarar.

Kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg med raske skritt og dei politiske lovnadene er svært mange også når det gjeld skule. 

Utdanningsforbundet har over mange år peika på retten elevane skulle hatt til å ha ein lærarutdanna lærar i alle timar og i alle fag. Skal elevane få den opplæringa dei etter læreplanane og Opplæringslova har krav på, må dei også vere sikra lærarar som har den utdanninga som krevst. I alle valår så opplever vi at dei politiske partia overbyd kvarandre med lovnader om kva dei vil gjere for norsk skule og alle elevar.

 
Vi kan kort nemne frå dei politiske programma:

Ap vil «Sørge for at det vert tilsett fleire kvalifiserte lærarar og behalde minstenorma for lærartettleik.»

H vil: «Fortsette å fjerne unødvendig byråkrati og rapporteringskrav i skulen slik at lærarar kan konsentrere seg om god undervisning»

SV vil: «Arbeide for at alle elevar vert underviste av lærarar med godkjend lærarutdanning»

KrF vil: «Sikre at alle elevar vert underviste av kompetente lærarar i alle fag i alle timar»

SP vil: «Vidareutvikle lærarnorma slik at lærarane får meir tid til den enkelte elev»

V vil : «Sjå fleire lærarar med ulik fagbakgrunn og sikre at eleven har kvalifiserte lærarar i all undervisning.»

Rødt vil : «Ha mindre klasser og reduksjon i undervisningstid for kontaktlærar. Fjerne unødvendig dokumentasjon og rapportering»

Alle parti har gode intensjonar for norsk skule, men kva skjer når politikken skal gjennomførast? Norsk skule manglar framleis mange lærarutdanna lærarar.

Det skaper stor uro at ungdom heller ikkje søkjer seg til dei ulike lærarutdanningane, tala frå Samordna opptak må uroe andre enn Utdanningsforbundet.

Men den største bekymringa vår er at norsk skule no ikkje greier halde på dei som allereie er i yrket. Stadig får vi høyre historier om at lærar etter lang fartstid i skulen gir seg og vil over i andre yrke.

Årsaka er den store mengda krav til kva som skal utførast av oppgåver, -at krava til kvalitet ikkje samsvarar med dei rammevilkåra norske kommunar tilbyr denne yrkesgruppa. Her er gapet stort og lærarane kjenner at det ikkje er mogleg å innfri krava med dei arbeidstilhøva dei vert tilbodne.

Store og overfylte klasser, få lærarar som skal utføre oppgåvene, eit stadig aukande trykk som fører til vanhelse. Dei emosjonelle belastningane vert for store og lærarar forlèt skulen. Vi ser no ei flukt frå læraryrket!

Så kjære politikar, viss du og ditt parti vil satse på skulen i den komande valperioden: Det viktigaste grepet de kan ta, er å sikre ein kommuneøkonomi og ei økonomiske ramme til skulesektoren som er slik at lærarane kan få gjort jobben sin på ein tilfredsstillande måte.

La lærarane kjenne at dei kan gå frå arbeidet med ei god kjensle av at dei har greidd å nå måla som de stiller til norsk skule!