Streiken held fram, dessverre

Det er dessverre ikkje noko signal frå KS om at dei ønskjer å kome lærarane i møte i denne streiken. Slik stoda er nå er det fastlåst, og Utdanningsforbundet fryktar at KS spekulerar i tvungen lønsnemnd.

Måndag 19. september vart streiken utvida på landsbasis med kring 1800 lærarar som var teken ut i streik. Til saman er då kring 8100 av våre medlemmar i streik.

I vårt fylke var det denne gong Hustadvika videregåande skule som vart teken ut. Dei sluttar seg til streikekontoret i Molde, som vil koordinere og bistå dei streikande der. 

Du kan lese meir på våre sentrale streikesider. Det er viktig at medlemmar og klubbar nå viser at dei støttar dei streikande, og sender helsingar til streikekontoret i Molde. Det er ein tøff kamp som dei streikande tek for oss alle. Nokon streikar, men alle er i konflikt. 

Tusen takk for innsatsen til alle dei som står ute for oss og for framtidas skule!