Letta over overskot i fylkeskommunen

Hovudtillitsvalde Ole Bjørn Helberg i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er svært letta over at fylkeskommunen går frå minus til pluss i 2022.

Tidlegare prognosar har peika mot 17 millionar i minus i år. Men no går det mot eit overskot på 140 millionar.

Skatteinntekter og pengar frå koronakompensasjon og havbruksfondet er hovudgrunnen.

Helberg seier han tidlegare i haust var svært uroa på vegner av elevane. Når økonomien no går i pluss viser Helberg til signala frå fylkesutvalet at ein ikkje skal skjere ned på det vidaregåande skuletilbodet neste år.

– Det håpar eg at dei står for og vil gjennomføre, seier Helberg, til NRK Møre og Romsdal.