Kurs i Oslo for lokallaga og fylkeslaget i Møre og Romsdal

Nesten alle lokallaga i Møre og Romsdal var representert på kurs i Oslo 10. - 11. november. Eit av høgdepunkta var å delta i den store streikemarkeringa for betre pensjonsavtale i PBL.

Det var godt å kunne møtast på eit kurs i Oslo for lokallaga og fylkeslaget. Her var programmet spennande, med mellom anna møte med Mørebenken på Stortinget, samt omvisning på huset. 

Nestleiar Terje Skyvulstad hadde sett av tid til å møte oss, og forklarte ein god del om bakgrunnen for streiken i PBL, samt litt om det som skal skje komande år, kor det er Landsmøte. Vi fekk også eit godt foredrag av kommunikasjonssjefen i Utdanningsforbundet, Rikke Bjurstrøm, som forklarte litt korleis ein bør møte mediene og kva som kan vere lure råd for å bli sett og høyrt. 

Kanskje mest inntrykk var det å få gå i demonstrasjonstog saman med fleire tusen frammøtte til å vise støtte for dei streikande i PBL streiken. Her sto vi frå Møre og Romdal saman med andre medlemmar og ikkje minst medlemmar frå Fagforbundet og Delta. 

1.jpg

2.jpg

3.jpg