- Vi må ta att etterslepet på lønna

Sidan 2014 har lærarane i skuleverket tapt meir enn 14 prosentpoeng i lønsutvikling, samanlikna med andre grupper i offentleg sektor. I fjor vår endte det med ein streik.

Like før årsskiftet kravde Norsk Sykepleierforbund (NSF) 100.000 kroner meir i lønn til intensivsjukepleiarane, og no følgjer Utdanningsforbundet opp, skriv Klassekampen.

Det konkrete kravet til Utdanningsforbundet føre årets lønnsoppgjer er ikkje klart, men leiar i Utdanningsforbundet sentralt, Steffen Handal, gjer det klart at både lærarar og sjukepleiarar må prioriterast i år.

– Det kommande lønnsoppgjeret må bli starten på eit lønnsløft for desse gruppene, seier han.

Viss vi ser på heile perioden 2004–2020 er forskjellen i lønnsvekst mellom lærarane i skulen og andre tilsette i kommunane/fylkeskommunane 14,1 prosentpoeng. Dette er Utdanningsforbundet og KS heilt samde om. Dei siste tala frå Teknisk berekningsbyrå finn du her. 

Men Utdanningsforbundet har i tillegg, ut frå tala i rapporten, rekna ut kva dette betyr i kroner og øre for å klargjera situasjonen. Dette viser at dersom undervisningspersonalet hadde hatt same gjennomsnittlege lønnsutvikling som andre kommunalt tilsette sidan 2004, ville det gjennomsnittlege lønnsnivået for lærarane i dag vore om lag 50 000 kroner høgare.

Det betyr Utdanningsforbundet heile tida har hatt rett i diskusjonane med KS. Og det viser tydeleg at KS har nedprioritert eit viktig verkemiddel for å rekruttera og behalda kvalifiserte lærarar i skulane; nemleg lønn.

For når "lærarar utan lærarutdanning" har ansvar for 15 prosent av all undervisning i grunnskulen og 21 prosent vidaregåande opplæring har samfunnet eit alvorleg problem. Kva vil KS gjere med dette?