Årsmøte i Utdanningsforbundet Volda

Årsmøte i Utdanningsforbundet Volda 27.mars, kl. 18.00-20.00 Høgskulen i Volda, Store BK Kulturelt innslag Saker: - Konstituering, møte- og valregelment - Årsmelding og rekneskap frå lokallagsstyret - Satsingsområde, prioriterte oppgåver i lokallaget. - Budsjett - Saker meldt frå medlemmer og klubbar - Val Nytt frå Utdanningsforbundet ved ein representant frå fylkesstyret UDF Møre og Romsdal. Nydeleg tapas og dessert vert servert etter årsmøtet.

Dette kurset er gjennomført

Om møtet

Oppfordrar klubbar/medlemmar om å melde saker de ønskjer skal takast opp på årsmøtet. Meld til lokallagsleiar innan 7.mars . Bruk skjema som ligg ved.
Endeleg innkalling m/sakliste kjem to veker før årsmøtet. (jfr. Vedtektene § 57.4).
Nydeleg tapasmåltid og dessert etter årsmøtet.
Her kan de få kjennskap til det kva vi arbeider med lokalt og sentral i UDF, de får mogelegheit til å påverke, de får ein sosial samankomst og nydeleg tapas. 
Det vert i premiering til klubben med størst oppmøte OG den klubben som har størst prosentvis oppmøte på årsmøtet i fht storleiken på klubben sin, vil vinne kinobillettar til heile klubben. I tillegg til klubbpremien trekk vi og 5 heldige vinnarar av dei frammøtte. Om du er pensjonist eller er på ein arbeidsstad det ikkje er ein klubb, så har du likevel vinnarsjanse. 
Bindande påmelding innan 21.mars
DU er velkomen!
På vegne av lokallagsstyret i Utdanningsforbundet Volda
Sirikit Vågen Leiar Utdanningsforbundet Volda