Leik for livet!

- Livet er ikkje berre ein leik, men får vi ikkje leike, kan livet ende som ein dans på nevroser. Charlotte Lunde er lege, med lang erfaring innan ungdomspsykiatri. I oktober kjem ho til Sjøborg for å fortelje om kvifor leik er så viktig for læring og for livet.

Charlotte Lunde er lege, journalist og tidlegare programleiar i NRK Barne-TV. I tillegg har ho skrive boka Lek og læring i et nevroperspektiv - Hvordan gode intensjoner kan ødelegge barns lærelyst, saman med Per Brodal. 

Torsdag 23. oktober kjem ho til Ulsteinvik for å halde eit høgaktuelt og engasjerande føredrag om kor viktig leik er for helse og utvikling. Alle pattedyr leikar - og det er ikkje berre for gøy, men fordi det rett og slett er avgjerande for eit godt liv! 

- Leik er utvilsomt læringsforma barn vel sjølve og leik har enorm betydning for utviklinga av hjernen. Det er eit stort samfunnsproblem når vi ikkje greier å ta vare på den naturlige lærelysta utover i skuleløpet, meiner Lunde.

Charlotte Lunde heldt føredraget også under ei samling med Utdanningsforundet i Geiranger ei tid tilbake, og lokallagsleiarane i Sjustjerna vart inspirererte og meinte fleire måtte få høyre henne. 

I føredraget har Lunde fokus på korleis leik kan førebygge psykisk sjukdom, og korleis leik bidreg til å utvikle livsviktige kapasitetar som merksemd og motivasjon. Føredraget passar såleis for alle våre medlemsgrupper, både dei som jobbar med dei minste, dei midt i mellom og med ungdomar. 

Påmelding skjer via lenka: eBillett: Leik for livet - Medlemskveld i Utdanningsforbundet Kode: Lunde

Billetten er gratis for våre medlemmar, og du treng ikkje ta med billett til sjølve arrangementet.