Høyringssvaret frå oss

Før fristen gjekk ut sende lokallagsstyret inn høyringssvaret sitt i skulestruktursaka. Her kan du lese svaret vårt.

Høyringssvaret frå lokallaget er både ein uttale frå lokallagsstyret og frå fleire av klubbane ved skulane og barnehagane i kommunen. Frå lokallagsstyret var det viktig å peike på det vi opplever som manglande eller feil informasjon undervegs i prosessen. Hovudbodskapen vår er at å kutte i oppvekst, uansett kva alternativ ein landar på, er svært uheldig for dei som skal vekse opp i Ulstein kommune og for oss som jobbar innan oppvekst. Les heile høyringssvaret i lenka.