I samsvar med § 57 i Vedtekter for Utdanningsforbundet, blir det med dette kalla inn til årsmøte i Utdanningsforbundet Sula.
Tid: Torsdag 11.april
Stad: Sunde Fjord Hotel
Vi inviterer til årsmøtemiddag kl 18.00 med oppstart av årsmøtet kl 19.00
I tillegg til behandling av årsmøtesaker vil vi få besøk av ein representant frå Fylkesstyret i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Det vert i premiering til klubben med størst oppmøte og den klubben som har størst prosentvis oppmøte på årsmøtet i fht storleiken på klubben sin. Vinnarane vinn kinobillettar til heile klubben og det oppfordrast til at klubben nyttar premien til å gjere noko i fellesskap. I tillegg til klubbpremien trekk vi og heldige vinnarar av dei frammøtte. Om du er pensjonist eller er på ein arbeidsstad det ikkje er ein klubb, så har du likevel vinnarsjanse.
På grunn av bestilling av mat så er frist for påmelding sett til torsdag 4.april. Om du berre vil delta på sjølve årsmøtet og ikkje middagen så set vi pris på at de skriv det i påmeldinga. Gi også beskjed om det skal takast omsyn til allergiar.
Sakliste og årsmøtepapira med vedlegg vert lagt ut på arrangementet på sida til lokallaget på utdanningsforbundet.no og sendt på epost til medlemmane seinast 14 dagar før årsmøtet