- Startside
- Fylkes- og lokallag
- Møre og Romsdal
- Utdanningsforbundet Ørsta
- Nyheter
- Tur for pensjonistmedlemmane i Ørsta lokallag
Tur for pensjonistmedlemmane i Ørsta lokallag
Onsdag 11. juni var pensjonistane i Utdanningsforbundet Ørsta på tur i vakre Norangsdalen. Oddny Flugekvam stod for programmet og var hovudarrangør. Vi gjekk tur og fekk lære litt om historia til Norangsdalen og det flotte nærområdet vårt. Etterpå drog vi til Hotell Union Øye og åt eplekake og is med påspandert kaffi frå lokallaget. Det vart ein strålande dag! (Dersom ein treng lokalguide er Oddny eit ypperleg val. 💛)
