VårKVISS - Utdanningsforbundet Ørsta

Ny dato for vårKVISS; 21. mai

Om kurset

Hvor og når?
onsdag 21. mai kl. 18:30 - 20:30

Velle skule

Anders Hovden-Gata 4, 6153 ØRSTA

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

19.05.2025

Praktisk ansvarlig

Dagny Riise Heggestad
E-post: [email protected]
Telefon: +4790090947

Faglig ansvarlig

Sunniva Redse Mjaaseth
E-post: [email protected]
Telefon: 92210194

Pga. personalseminar for dei kommunalt tilsette, 7. mai, får vi problem med å avvikle vårKVISSen. Vi vel difor å utsette den til 21. mai, same klokkeslett, same stad:kl 18.30 i Storstova på Velle skule.

NB! Dei som har meldt seg på, må melde seg av dersom den nye datoen ikkje passar.

Som vanleg er det ei uformell, gratis og sosial samling. Tilbodet går til alle medlemane i Utdanningsforbundet Ørsta, ung og gammal, fersk eller erfaren.Få med deg ein kollega eller fleire og kom!

Spørsmåla i kvissen vert ei god blanding frå ulike tema. Ein treng ikkje å ha danna lag på førehand. Maks-tal pr. lag er fem stk. 

Sidan det blirservert pizza og brus, er det påmelding. Påmeldingsfrist er mandag 19. mai. Vi har eit maks-tal på 70 stk., så her er det ‘først til mølla’-prinsippet som gjeld. Ta med i påmeldinga om du treng tilrettelegging mtp.  allergen, funksjonshindringar el.l

Om du kjem med bil, parker ved Ørstahallen, Ørsta vgs. eller Kulturhuset. Inngang til Storstova i glasbygget/atriet på baksida av ‘gamleskulen

Vi håper å sjå deg der!

Vennleg helsing styret i Utdanningsforbundet Ørsta