Årsmøte i lokallaget Giske

Årsmøtet i lokallaget er det øvste styrande organet i lokallaget. Her blir val av tillitsvalde i lokallaget gjort, her kan ein fremje forslag til resolusjonar og ikkje minst vere sosial saman med kollegaer på tvers av einingane i kommunen.

Svein-Harald Nordgård vart vald som ny nestleiar etter Jeanette G. Hjelle. Øvrige val var Janne Giskegjerde, Synnøve A. Rønning, Marit Melseth, Terje Austnes og Agnar Aase med kvar sine verv.

Det å vere tillitsvald i Utdanningsforbundet er ein viktig jobb for medlemmene. Men det er og viktig for arbeidsplassane, for kommunen og såleis for heile samfunnet. Det organiserte arbeidslivet har gitt oss eit ganske fredleg samfunn med relativt små skilnader mellom fattige og rike.

Ta godt vare på dei tillitsvalde. Dei treng støtte og samhald for å gjere ein god jobb på vegne av oss alle.

Publisert: Publisert: 03.04.2017