Folkemøte og valsending i på Hylestad soknehus 28.8

Valle
Snart er det kommuneval
Utdanningsforbundet Valle har hatt møte med alle dei politiske partia

Vi inviterte politikarane til ein dialog om eit felles løft for oppvekstsektoren i Valle kommune tidlegare i år. Denne kvelden får vi forhåpentlegvis nokre svar på våre spørsmål.

Publisert: 27.08.2019

Vi har stilt tre store spørsmål til politikarane i alle parti som stiller til val. Det første spørsmålet handla om kva dei vil gjere for å sikre god og nok bemanning i barnehagane. Det andre var kva dei meiner er eit godt lærings og utviklingsmiljø, og kva dei kan gjere for å sikre alle born og elevar i kommunen dette. Det tredje var korleis vi kan få til eit godt og konstruktivt systematisk samarbeid mellom politikarar, administrasjon, dei føresette, tilsette, rektorar og styrarar. Vi hadde gode og konstruktive samtalar med både H, AP, V og SP.

Onsdag 28.august får vi forhåpentlegvis svar på desse spørsmåla, og allereie kan vi sjå att noko av det vi har etterspurt i nokre av partiprogramma.

Det vert eit stort folkemøte denne kvelden, og Valle radio sender alt direkte. Kvelden er eit samarbeid mellom Utdanningsforbundet, Valle radio, FAU skule og barnehage og Fagforbudnet.

Partia vil ha stand i 1.etg frå kl. 17.00, og kl. 18.00 samlast vil til paneldebatt med Odd Inge Uleberg som debattleiar. Vi startar med oppvekst, også vert det andre viktige tema etter dette. 

Elevar frå 7.-10.kl vil vere til stades.

Vi reknar med å avslutte rundt kl. 21.00. 

8.kl sel mat heile kvelden. 

Vedlagt ligg brosjyra som er sendt til alle husstadner i Valle kommune. 

Alle er hjerteleg velkomen.