Kontaktforum for barnehage og grunnskule i Møre og Romsdal

Kontaktforum er ein møteplass der tillitsvalde i barnehage og skule kan samlast for å diskutere aktuelle tema frå arbeidsplassane.

To dagar var tillitsvalde frå barnehage og grunnskule samla kvar for seg til kontaktforum. Her får ein høve til å diskutere og lufte kva som skjer på dei ulike arbeidsplassane rundt om i Møre og Romsdal. 

Frå barnehageforum diskuterte ein betalt eller ubetalt matpause, fordelar og ulempar. Ein var og innom personalmøte, kven planlegg og har ansvar for desse møta. Korleis skal ein skape meir engasjement blant barnehagelærarane? Dag to vert det besøk frå sentralleddet ved Hanne Fehn Dahle, som tek opp forslag om ny bestemming om krav til styrar i barnehagen, forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjonar i barnehagen. 


Bilde frå kontaktforum barnehage. 

Litt av emna frå skule var: 

- Leksefri skule

- Digitale hjelpemiddel i undervisninga

- Kontaktlærartillegg

- Bruk av privat mobiltelefon 

- Rekrutteringstiltak i kommunane

- Plan for vald og trakassering

- Medisinering av elevar 

Det å dele erfaringar på tvers av kommunegrenser og skular er viktig både for lokallaga, men også for dialogen til fylkeslaget. Mange spørsmål går igjen fleire stader, og einskilde skular og barnehagar har funne løysingar som kan kan hjelpe dei tillitsvalde til å løfte opp saka på ein god måte ved sin eigen arbeidsplass, eller i lokallaget. 

 


Bilde frå kontaktforum grunnskule


Kontaktforum grunnskule