Berre lærarar er lærarar

KS Møre og Romsdal skal ha sin strategikonferanse 15. og 16 februar i Molde. Utdanningsforbundet kjem med følgjande klare bodskap til delegatane frå kommunane:

imagez2fti.png

Plakaten i artikkelen seier følgjande:  

Utdanning er eit politisk ansvar!
Å satse på lærarane er å satse på barn og unge. 

- Lærarane har tapt seks lønsoppgjer på rad

- Nesten kvar femte som underviser i skulen manglar godkjent utdanning

- Ein av tre barnehagelærarar sluttar i løpet av ti år

- Søkartala til lærarutdanningane går ned for tredje året på rad. Særleg dramatisk er nedgongen i barnehagelærarutdanninga