- Ei gylden anledning til å setje pris på lærarane

Utdanningsforbundet og KS er samde om at det er full mulig for kommunane å gi organiserte lærarar i barnehage og skule lokale tillegg som kompensasjon for lønnstapet i 2022.

Lærarstreiken i 2022 varde i 111 dagar og enda med tvungen lønnsnemnd. Punktum for konflikten vart sett i februar i år med verknadsdato frå streikeslutt noko som medførte at organiserte lærarar i barnehage og skule tapte fem månader med lønnsvekst. Noko våre medlemer synes er urimeleg streng straff for å ha nytta streik som lovleg kampmiddel.

Dei som har tent på dette er kommunane som samla sett har spart 550 mill. på den seine verknadsdatoen. I tillegg sparde dei streikande kommunane og fylkeskommunane over 300 mill.

Kommunepolitikarar vil gi meir til lærarane

Det gledelege er at fleire kommunepolitikarar rundt om i landet har reagert på kjennelsen og meiner at bruken av desse midlane må kome organiserte lærarar i barnehage og skule til gode. Ein vil gi desse gruppene ein kompensasjon for lønnstapet dei opplever.

Utdanningsforbundet og KS har no kome til semje om at det skal vere fullt mulig å få til ein slik kompensasjon. Avtaleverket i offentleg sektor gir eit klart rom for dette ved å nytte lokale forhandlingsbestemmelsar, noko også Hege Mygland, direktør KS forhandlingsavdeling bekreftar overfor NRK.

Gladmelding

Dette er ei gladmelding til alle landets kommunepolitikarar som blir gitt ein gylden sjanse til å vise at dei set pris på lærar i barnehage og skule ved å nytte dette forhandlingsrommet.

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal vil derfor oppfordre alle politikarane i våre 26 kommunar og fylkeskommunen om å la dei innsparte midlane gå tilbake til lærarar i skule og barnehage i form av auka lønn.

Det er å setje pris på lærarprofesjonen og prioritere skule- og barnehagetilbodet!