Retten til kvalifisert lærer

Over 10 000 personar underviser i dag i grunnskulen utan å fylle kvalifikasjonskrava i paragraf 10.1 i opplæringslova. Tal frå GSI viser at om lag fire prosent av all undervisning i grunnskulen vert utført av personar utan godkjend lærarutdanning.

Dette svarar til nesten 1,5 millionar skuletimar og er ein auke på 13 prosent frå skoleåret 2015/2016.

  • I vidaregåande skule er talet på personar utan godkjent utdanning 3500. Dette utgjer over 20 prosent av lærarane i vidaregåande skule.

  • Assistentar hadde ansvaret for nesten halvparten av spesialundervisinga som vart gitt til elevar med særskilte behov i grunnskulen. Dette handlar om at det er knapt med kvalifiserte lærarar, men også at opplæringslova her ikkje blir følgt eller at formuleringane i lova er for upresise og vage.

For meir utførleg talgrunnlag viser vi til ressurshefte 1/2017 frå Utdanningsforbundet Undervisningspersonell og kompetansekrav i skolen.

Meir om kompetansesituasjonen og kvalitetsutfordringar i spesialundervisning kan lesast i Notat 2/2016, Høgskulen i Volda, Møreforskning, Kari Bachmann, Peder Haug og Thomas Nordahl: Kvalitet i opplæringen for elever med utviklingshemming.

Kvifor må læraren vere kvalifisert?

Forskinga er ikkje eintydig når det gjeld kva som må til av utdanning for å vere ein god lærar. Men vi kan vise til forsking som syner positiv samanheng mellom lærarutdanning og utøving av læraryrket.

Fleire internasjonale og nasjonale studiar dokumenterer at solide fagkunnskapar er ein føresetnad for å lukkast i yrket (Yoon mfl 2007, Blank og de las Alas 2009, Darling-Hammond 1999, Darling-Hammond og Yongs 2002, OECD 2005, Wilson 2001, Falch og Naper 2008, Munthe 2001, Goldhaber mfl 2013).

Lærarar som er fagleg trygge, er mindre bundne til faste opplegg og metodar. Dei kan variere og vidareutvikle undervisinga. Dei gir krevjande oppgåver og oppmodar elevane til abstrakt tenking. (Nordenbo mfl. 2008). Analyser av resultata frå TIMSS 2015 viser samanheng mellom læraren sin kompetanse i fag og elevane sitt læringsutbytte (UDIR 2016).

Dagens skule har ei meir mangfaldig elevgruppe enn tidlegare, dette stiller større krav til lærarkompetanse både i fag, didaktikk og pedagogikk. For å organisere gode og «produktive» læringsprosessar for elevane på ulike læringsnivå og med ulike forkunnskapar krev det høg kompetanse på ulike tilnærmingar til læring, vurdering og tilrettelegging for læring.

Vurdering og tilbakemelding er ein viktig del av læreprosessen og ein av dei mest verknadsfulle måtane og fremje læring på (William 2010). Skal dette gjerast på ein god måte, krevst det lærarar med solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse.

Kva kan gjerast?

Det har vore eit mantra i lang tid, ikkje minst blant politikarar, at læraren er viktigast. Dei fleste stoppar der - utan å sei noko om kva som må gjerast for å rekruttere og behalde dei beste lærarane. Ein minstestandard må i alle fall vere at den viktige læraren har godkjend lærarutdanning.

  • Å rekruttere og behalde gode lærarar handlar om å gjere læraryrket og lærarrolla attraktiv. Det krev gode lønns- og arbeidsvilkår. Men det er neppe nok.

    I rapporten frå eit ekspertutval om lærarrolla blir det argumentert for ei attraktiv lærarrolle. Den skildrar ei aktiv rolle og eit utviklingsretta profesjonskollektiv, som nettopp krev at lærarane er godt utdanna.

    Stortinget følgde opp dette i behandlinga av Storingsmelding 28 våren 2016. Det styrka lærarens posisjon og rolle ved å understreke metodefridom og profesjonen si viktige rolle i skuleutviklinga. Samla sett kan dette vere med på å gjere læraryrket meir attraktivt og dermed trekke til seg gode lærarar.

  • Formuleringane i opplæringslova som omhandlar kvalifikasjonskrav, må endrast eller presiserast. Dagens formulering gjer det for lett å tilsette ukvalifiserte.

    Ein mogleg veg å gå er å knyte kvalifikasjonskrav til ein definisjon av undervisningsomgrepet. Elevane har etter lova krav på eit visst tal på undervisningstimar.

    Vårt krav må vere at berre undervisningstimar med kvalifisert lærar er ein undervisningstime. Det må knytast rapporteringsplikt på avvik frå dette. Dette må vere vårt primære krav.

    Statsråd Isaksen hevdar at dette ikkje vil vere mogleg å gjennomføre. Det vil nemleg innebere at elevane vil gå utan vaksenperson i timar der det er uråd å skaffe kvalifisert lærar. Dette er feil.

    Skilnaden frå no er at timen med ukvalifisert ikkje vert definert som ein undervisningstime og må takast igjen for at eleven skal få fylt opp timekravet i faget.
  • Dersom vi ikkje får gjort nødvendige lovendringar, kan andre tiltak vere å presisere ordningar som at tilsettingsstyresmakt ikkje kan tilsette ukvalifisert for meir enn eitt år. Stillinga må då lysast ut.

    Dette blir praktisert ulikt i dag. Det må heller ikkje vere lov å tilsette ukvalifisert i første utlysingsrunde dersom det er tid til ny utlysing. Skulane/kommunen/fylkeskommunen må også ha rapporteringsplikt til tilsynsstyresmakt om talet på ukvalifiserte, og kva som blir gjort for å bøte på situasjonen.

  • Det kan settast inn tiltak for å aktivere reservestyrken. (TNS-Gallup leverte ein rapport for ei tid sida om reservestyrken). 37 000 utdanna lærarar jobbar i dag utanfor skuleverket. Mange i reservestyrken gjekk ut av yrket på grunn av kunnskapslaus detaljstyring og byråkratisering.

    Frå politisk hald vert det ofte snakka om at det må bli færre dokumentasjonskrav og mindre rapportering i skulen. Det har likevel skjedd lite på feltet. Det bør settast i gang eit arbeid som har som mål å gi læraren større tillit og handlingsrom og dermed minske behovet for dokumentasjon og rapportering. Dette vil kunne hente lærarar tilbake frå reservestyrken.

    Medlemsundersøkinga som Respons Analyse har gjort for Utdanningsforbundet viser også at mange lærarar vurderer å slutte i yrket tidleg – blant anna fordi dei har for store klasser. Færre elevar i klassene aukar sjansen for at de blir verende i skulen, rapporterer dei.

  • Fleirtalet i gruppa ukvalifiserte har tilstrekkeleg fagutdanning, men manglar pedagogisk utdanning. Det er med andre ord lite (eitt års utdanning) som skal til for at desse er fullt kvalifiserte. Det bør etablerast støtteordningar for dei som fullfører pedagogisk utdanning, til dømes lik den vi har i Kompetanse for kvalitet.

Ordningar som er nemnt, men som ikkje bør settast i verk

  • Vi går ikkje inn for ei generell ordning som gir ukvalifiserte, som har vore tilsett i eitt/to/fleire år, rett til å ta lærarutdanning betalt av arbeidsgjevar. Det vil ikkje vere rettferdig over for dei som har betalt utdanninga si, at andre kan kome inn i yrket «bakvegen» og få utdanninga betalt. Dette vil også kunne tvinge fram «lightutdanningar», kortare utdanningar fordi studentane har verdifull praksis som kan «konverterast» til utdanning.

  • Eit tiltak som har vore kasta inn i diskusjonen, er om ein ukvalifisert skal kunne undervise, men ikkje vurdere elevar – ut frå tanken om at vurdering er svært komplisert, og også avgjerande for elevane med tanke på vidare utdanning og arbeid, og at berre kvalifiserte lærarar kan gjere dette på ein forsvarleg måte. Tiltaket ville gjere det mindre attraktivt for arbeidsgjevar å tilsette ukvalifiserte. Det ville påføre utgifter, og det ville også synleggjere problemet med ukvalifiserte på ein tydelegare måte.

Tiltaket er likevel ikkje uproblematisk. Ordninga vil skilje undervisning og vurdering. Vurderingslæraren vil måtte basere vurderinga si berre på skriftleg arbeid og ikkje på den kontinuerlege observasjonen og dialogen frå undervisningssituasjonen. Dette vil bryte med vurderingsforskrifta og med god vurderingspraksis. Det vil heller ikkje vere etisk rett for ein lærar å gå inn i ein vurderingssituasjon læraren ikkje har full innsikt i. Vi rår derfor til at dette tiltaket ikkje blir brukt for å redusere bruken av ukvalifiserte.