Klima og berekraftig utvikling

Skyer foran blå himmel
Omstillinga til eit meir berekraftig og klimavennleg samfunn må skje på ein rettferdig måte. Foto: Julie Salvesen

God utdanning og eit velfungerande arbeidsliv er avgjerande i omstillinga til ei berekraftig utvikling.

  • Vi meiner at norsk utdanning må engasjere barn og unge i klima- og miljøspørsmål og medverke til ei berekraftig utvikling. 
  • Vi treng strukturar og rammeverk som kan gi barnehagar, skular og andre utdanningsinstitusjonar kontinuerleg fagleg støtte.
  • Vi vil ha ei rettferdig omstilling. I overgangen til ei meir berekraftig utvikling er det viktig at arbeidstakarar blir behandla rettferdig, at vi skaper grøne arbeidsplassar, at goda blir fordelte rettferdig, og at vi tek vare på sårbare og utsette grupper.

Global oppvarming er ei stor utfordring for verdssamfunnet. Å gjennomføre naudsynte klimatiltak krev store omstillingar, både for samfunnet som heilskap og for den enkelte borgaren. Omstilling krev også ny kunnskap og kompetanse, og utdanningssystemet og lærarprofesjonen har ei viktig rolle å spele.

Utdanning for berekraftig utvikling er eit omfattande tema – som både handlar om relevant fagkunnskap og om verdiar, medvit og engasjement. Barn, unge og vaksne skal utdannast til å kunne leve på ein meir berekraftig måte og setjast i stand til å medverke til at samfunnsutviklinga er berekraftig. Barnehagar, skular og andre utdanningsinstitusjonar bør også vere læringsarenaer som medverkar til berekraft i praksis.

Utdanningsforbundet er ei fagforeining som byggjer på solidaritet. Vi er solidariske med dei som blir ramma hardare enn oss sjølv, anten det er folk i fattige delar av verda eller kommande generasjonar. Eit sentralt krav frå norsk og internasjonal fagrørsle er krava om ein «just transition» – at omstillinga til eit meir berekraftig og klimavennleg samfunn må skje på ein rettferdig måte.

Education Internationals klimamål

Den verdsomspennande lærarorganisasjonen Education International, som Utdanningsforbundet er medlem av, legg vekt på desse måla i klimaarbeidet sitt:

  • Styresmaktene i alle land må sikre at klimaendringar er ein del av utdanningspolitikken og læreplanane i landet.

  • Regjeringane må styrkje opplæring og kompetanseutvikling hos undervisingspersonalet, slik at dei kan syte for ei god utdanning i klimaspørsmål og ei utdanning som medverkar til berekraftig utvikling.

  • Paris-avtalen må styrkjast for å betre finansieringa av utdanning, opplæring og forsking innanfor klimaendringar.

  • Det må sikrast god samanheng mellom Paris-avtalen og FNs berekraftsmål og UNESCOs program for utdanning for berekraftig utvikling.

 

Unios klimapolitikk

Representantskapen i Unio vedtok i desember 2015 Unios klimapolitikk.
Unio vil mellom anna arbeide for at klimaspørsmålet blir ein del av partssamarbeidet sentralt og lokalt. Unio meiner det er naudsynt at styresmaktene og fagrørsla identifiserer ein tydeleg samanheng mellom klima- og miljøpolitikk og arbeidslivspolitikk.
Les meir om Unios klimapolitikk her 

Rettferdig omstilling

Den internasjonalen fagrørsla (ITUC) legg stor vekt på at arbeidarar, samfunn, arbeidsgjevarar og styresmaktene må gå saman om konkrete planar, politikk og investeringar for å sikre ei rask og rettferdig omstilling. Ingen skal falle utanfor eller få dårlegare lønns- og arbeidsvilkår på vegen mot å redusere utslepp, verne klimaet og styrkje ei sosial og økonomisk rettferd.

The International Trade Union Confederation (ITUC): Just Transition Centre

The International Labour Organization (ILO): Guidelines for a just transition towards environmentally sustainable economies and societies for all (2016)

Klimaseminaret 2018

Utdanningsforbundet arrangerte i november 2018 eit klimaseminar i Oslo for tilsette i skule og barnehage. Sjå seminaret om att nedanfor:

  • Klimavitskapen: Kva veit vi om klimaendringar no?
  • Klimarisiko: Kva kan klimaendringar og klimaløysingar ha å seie for økonomien i eit oljeland?
  • Fagfornyinga: Berekraftig utvikling skal vere eit sentralt tema i det nye læreplanverket i skulen. Korleis skal vi få det til i praksis?
  • Barnehagen: Klima og berekraft i rammeplanen for barnehagen.
  • Slik gjer vi det: Konkrete døme frå barnehagar og skular.

Last ned programmet for seminaret her: Program - Klimaseminaret 2018