Utdanningsforbundet sin forskingspolitikk (nynorsk)

Lærarar byggjer sine argument og grunngjevingar på både forsking og erfaring. Samstundes skal vi møte forsking med ei kritisk og analytisk tilnærming. Utdanningsforbundet sin forskingspolitikk bygger på desse grunnleggande føresetnadene og som profesjonsorganisasjon skal vi ta ansvaret vårt for at ny og relevant kunnskap vert utvikla, kommunisert og tatt i bruk.

PDF-versjon av Utdanningsforbundet sin forskingspolitikk: Forsking for praksis og profesjon 

Fagleg, didaktisk og pedagogisk kunnskap er grunnleggande føresetnader for profesjonalitet i yrkesutøvinga til pedagogisk personale på alle utdanningsnivå. Som profesjon tek vi ansvar for eigen kunnskap og medverkar til at det vert utvikla, formidla og tatt i bruk ny og relevant kunnskap. Vi utviklar kunnskapsgrunnlaget vårt ved å systematisere og reflektere over erfaringar, som vi held saman med aktuell og relevant forsking.

Argumenta og grunngjevinga til profesjonen skal bygge på forskings- og erfaringsbasert kunnskap, samstundes som vi skal møte forsking på ein analytisk og kritisk måte.

Utdanningsforbundet skal medverke til utvikling av forsking og utviklingsarbeid (FoU) som er relevant for profesjonsutøvinga til medlemmene. Tillitsvalde på alle nivå spelar ei nøkkelrolle i arbeidet med å vidareutvikle den praksisnære utdanningsforskinga.

Utdanningsforbundet sitt grunnlagsdokument, «Vi utdannar Norge», er utgangspunktet for forskingspolitikken vår. Det forskingspolitiske dokumentet er organisert i fire tematiske hovudområde:

  1. Kunnskapsbasert profesjonsutøving

  2. Forskingsformidling

  3. Prioriterte forskingsområde for perioden 2020-2023

  4. Rammevilkår for forsking

1. Kunnskapsbasert profesjonsutøving

(Gå tilbake til toppen av sida)

Kunnskapsgrunnlaget til lærarprofesjonen bygger på fleire fagdisiplinar og på praktisk lærararbeid. Det krev ein medviten innsats for å knyte dei ulike delane saman til praktisk og teoretisk kunnskap som er relevant for samanhengen kunnskapen skal brukast i.

Lærarar og leiarar i barnehage og skule står i nære relasjonar til barn, unge og vaksne og arbeider alltid i ein kontekst. Læraren vil først og fremst spørje seg om kva som er til det beste for barn, unge og vaksne i situasjonen. I dei fleste situasjonar er det fleire  handlingsval. Dette krev profesjonelt skjønn, basert på etisk og fagleg dømekraft.

FoU-arbeid kan opne for fleire moglege handlingsalternativ tilpassa ulike kontekstar. Det kan også medverke til å styrke kunnskapsbasen til profesjonen og fremje kritisk refleksjon og profesjonell utvikling. Forsking kan hjelpe oss til å løfte blikket og sjå ut over eigne erfaringar og eigen arbeidskvardag og til å forstå gjerninga i relasjon til samfunnet.

Utdanningsforbundet arbeider for at fleire lærarar og leiarar skal få høve til å ta doktorgrad og samstundes bli verande i yrket med relevante oppgåver i barnehage eller skule. Vi har vore pådrivarar for å etablere ordninga med offentleg sektor- ph.d. for lærarar og leiarar. Utfordringa framover vert å gjere ordninga betre kjent og attraktiv for  utdanningsstyresmakter i kommunar og fylkeskommunar, for private eigarar og for lærarar og leiarar. Vi skal arbeide for at lærarar og leiarar med ph.d. får nytte kompetansen sin til beste for utdanninga til barn, unge og vaksne.


Det må leggast til rette for at lærarar og leiarar i samarbeid med forskarar får tid og høve til å drive og delta i FoU-arbeid knytt til eiga verksemd. Styresmakter og eigarar på alle nivå må sjå verdien av og stimulere til slikt samarbeid, både gjennom engasjement og ved å legge til rette ressursar.

Utdanningsforbundet arbeider for å styrke kompetansen til lærarane i statistikk og metode og sikre at lærarar i større grad er involverte i praksisretta FoU-samarbeid, blant anna gjennom ordningar som partnarskap og kompetanseutviklingsprosjekt. Vårt mål er å utvikle ordningar som styrker koplinga mellom profesjon og FoU-arbeid. Det har vore eit viktig grep å etablere lærarutdanningsbarnehagar og lærarutdanningsskular, noko vi meiner styrker profesjonsutøvinga til lærarane og relevans og kvalitet på FoU-arbeidet. Å sikre at alle barnehagar og skular får ta del i slikt samarbeid, er ei viktig utfordring.


Det vil alltid vere etiske problemstillingar i forsking på og i ein profesjon. Etisk medvit er sentralt i integriteten til lærarprofesjonen og heilt avgjerande for å skape gode vilkår for leik, læring og danning. Den etiske plattforma til lærarprofesjonen viser dei etiske pliktene som lærarar og leiarar har og forankrar mandatet i eit felles verdigrunnlag. Plattforma skal vere eit utgangspunkt for å drøfte forskingsetiske dilemma og spørsmål på arbeidsplassen og i det offentlege rommet.

Forskingsetikk handlar om relasjonen mellom forskarar og forholdet mellom forskarar og andre som er involvert i forskinga. Den handlar også om forholdet mellom forskaren og det som det vert forska på og om samfunnsansvaret til forskaren. Prinsippet om akademisk fridom er viktig. Det krev at forskarane har eit høgt etisk medvit. Forskingsetiske normer må bli følgde i alle stadium av forskingsprosessen for at vi skal få påliteleg og relevant kunnskap og konklusjonar vi kan stole på. Forskingsetikk er difor heilt avgjerande i arbeidet med å vidareutvikle og forbetre utdanningssystemet og kunnskapsgrunnlaget til profesjonen.


Resultat frå FoU-arbeid er i veksande grad ein viktig del av premissa for politikkutforming, både nasjonalt og internasjonalt. Forsking kan korrigere politikken ved å avdekke utfordingar og utilsikta konsekvensar av eksisterande ordningar. FoU-arbeid kan også legitimere avgjerder som allereie er tatt eller bli brukt for å få fram kunnskap som dokumenterer tilhøve som styresmaktene ønskjer merksemd omkring. Vi vil arbeide for at utdanningsforsking og utdanningskvalitet ikkje vert definert for snevert, men omfattar ulike perspektiv og forskingsmetodar. Utdanningsforbundet vil halde fram med å sette søkelys på kva evidensbasert forsking og praksis har å seie for profesjonsutøving og verdien av metodemangfald i FoU-arbeid.

Ambisjonane om nærare tilknyting mellom FoU-arbeid og praksis og mellom FoU-arbeid og politikk forsterkar Utdanningsforbundet sitt behov for meir kontakt med fagmiljø og forskarar i utdanningsforsking.


2. Forskingsformidling

(Gå tilbake til toppen av sida)

Lærarprofesjonen nyttar seg av forsking og kan vere både deltakar og drivkraft i FoU-prosjekt. Det er lærarprofesjonen som har det daglege ansvaret for barn, unge og vaksne i utdanning. Godt FoU-arbeid er avgjerande for godt lærararbeid. Det inneber at resultata frå FoU-arbeid må vere relevante og tilgjengelege for lærarprofesjonen.

Utdanningsforbundet meiner at fleire lærarar og leiarar må få tid og høve til å sette seg inn i aktuell forsking og til å kunne drøfte dette i kollegiet.

Utdanningsforbundet arbeider for at resultat frå forsking vert formidla til lærarar og leiarar. Utdanningsforbundet medverkar til å formidle relevante resultat mellom anna gjennom portalen     Utdanningsforskning.no, podkasten Lærerrommet, kurs, forskingskafear, konferansar, eigne publikasjonar og tidsskrift.

Utdanningsforbundet forventar at Kunnskapssenteret for utdanning medverkar til å styrke dialogen med lærarprofesjonen og identifiserer og utarbeider forskingssamandrag som styrker kunnskapsgrunnlaget til profesjonen på sentrale område. Ei viktig oppgåve for Kunnskapssenteret er å formidle nasjonal og internasjonal forsking om utdanning.

3. Prioriterte forskingsområde for perioden 2020-2023

(Gå tilbake til toppen av sida)

Dei siste åra har omfanget av utdanningsforsking vakse, mellom anna gjennom særskilde forskingsprogram i Forskingsrådet og forskingsbaserte evalueringar av reformer og tiltak i utdanningssektoren. Utdanningsforbundet skal vere ein aktiv part i arbeidet med å vidareutvikle og etterspørje relevant forsking for sektoren.

FoU-arbeid må vere med å kaste lys over spørsmåla til lærarprofesjonen. Samstundes må forsking vekke interesse og undring kring spørsmål ein ikkje er medviten om. Forsking må vere praksisretta, treffe kjernen i arbeidet til profesjonen og kaste lys over rammefaktorane som krevst for å oppfylle samfunnsmandatet. Samstundes skal lærarar og leiarar vere aktive deltakarar i FoU-arbeidet.

Det inneber at lærarprofesjonen skal kunne medverke i utvikling og gjennomføring av FoU-prosjekt. Eit godt samarbeid mellom tillitsvalde, leiarar, arbeidsgjevarar, universitets- og høgskulesektoren og styresmaktene er avgjerande for utviklinga av slike prosjekt.

Dei prioriteringane Utdanningsforbundet lyftar fram her, er område der det er behov for meir forsking i inneverande periode.

Områda er omtalt under i fire hovudpunkt.

Vi treng forskings- og utviklingsarbeid som kastar lys over og utvidar kunnskapsgrunnlaget om læring, utvikling og danning til barn, unge og vaksne. Utdanning er ein berebjelke i eit demokratisk samfunn, og utdanningssystemet må handtere raske endringar, mangfaldet og kompleksiteten som barn og unge veks opp i.

Utdanningsforbundet skal etterspørje forsking om:

Demokrati og danning

Barn og unge nyttar ein stor del av barne- og ungdomstida si i barnehage og skule. Barnehagen skal fremje demokrati og vere eit inkluderande fellesskap der alle får høve til å ytre seg, bli høyrd, sett og delta. Alle barn skal kunne få oppleve demokratisk deltaking ved å medverke til innhaldet i barnehagen, uavhengig av språkleg dugleik og andre føresetnader. Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skulen, skal gi elevane kunnskap om føresetnadene til demokratiet, verdiar og spelereglar og gjere dei i stand til å delta i demokratiske prosessar. Det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling handlar også om å kunne medverke som samfunnsaktør til ei berekraftig framtid for komande generasjonar.

Vi treng meir kunnskap om ulike tolkingar av kva barnehage og skule skal vere for barn, unge og vaksne, og korleis dette kjem til uttrykk i profesjonsutøvinga til lærarane. Korleis kan barn og unge oppleve og erkjenne at leik og læring har verdi i kvardagen deira, og at det dei gjer, har meining og er viktig?

Likeverd og gjensidig respekt er grunnleggande ideal som må omsetjast i praksis. Men kva inneber det å legge til rette for dialog og demokratiutvikling i ord og handling? Korleis arbeider profesjonsutøvarane med desse spørsmåla?

Fag, kunnskapsområde og læringsprosessar

Det er framleis behov for å stimulere til forsking på kjernespørsmåla i barnehage og skule. Vi treng innsikt i faga, i pedagogikk og didaktikk og i samanhengen mellom desse. Kva kjenneteiknar kollektive og individuelle læringsprosessar? Korleis tileignar barn, unge og vaksne seg kunnskap på ulike utviklingssteg? Det er også behov for meir forsking som ser særskilt på vurderingspraksis, vurderingsformer og dokumentasjon og kva konsekvensar dette har for læring og utvikling.

Lærarar treng meir aktuell pedagogisk og didaktisk forsking knytt til kunnskapsområda i barnehagen og til dei ulike skulefaga. Vi har mellom anna for lite forskingsbasert kunnskap om fag- og yrkesdidaktikk og om ulike læringsarenaer.

Det har vore mykje fragmentert kunnskapsinnhenting i vidaregåande opplæring, og vi manglar kunnskap om heilskap og samanheng i den vidare utviklinga av skuleslaget. Utdanningsforbundet meiner at det er behov for ein omfattande forskingsinnsats på vidaregåande opplæring, der den profesjonsdrivne forskinga må stå sentralt. Det er særleg viktig i denne perioden at det vert forska på overgangen mellom utdanningsnivåa.

Norsk utdanning vert forma i eit samspel mellom nasjonal politikk og internasjonale straumdrag. Internasjonale aktørar får stadig større innverknad på innhaldet i utdanninga. Det er behov for kunnskap om korleis internasjonale organisasjonar og kommersielle selskap legg føringar for kva som vert oppfatta som relevante fag og fagområde og for yrkesutøvinga til lærarar i barnehage og skule.

Berekraftig utvikling er eit sentralt tema i planverket for barnehage og skule. Det er behov for forsking som seier noko om korleis utdanning set barn, unge og vaksne i stand til å fremje ei berekraftig samfunnsutvikling.

Læring og utvikling for alle

Forsking og utviklingsarbeid må i større grad tilføre kunnskap om korleis barnehage og skule kan gi barn og unge gode vilkår for læring og utvikling. Det gjeld fagdidaktikk, organisering og metodebruk. Det er også behov meir kunnskap om spesialpedagogisk tilrettelegging og rammevilkår kring spesialpedagogiske tiltak.  

Verdien av god psykisk helse er eit sentralt område. Barnehagebarn, elevar, lærlingar og studentar har krav på eit godt fysisk og psykososialt miljø. Barnehagen skal fremje god fysisk og psykisk helse og vere førebyggande. Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skulen, skal gi elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som set dei i stand til å ta ansvarlege livsval. Vi treng meir kunnskap om korleis lærarar kan samarbeide med andre yrkesgrupper og relevante støttesystem for å førebygge psykososiale problem og legge til rette for ei positiv utvikling i kvardagen til barn og unge.

Mangfald og integrering

Migrasjon påverkar både utdanningssystemet og arbeidslivet. Lærarar og leiarar har ei sentral rolle i arbeidet med å inkludere i barnehagen og i skulemiljøet. Vi treng meir FoU-arbeid om korleis vekst i migrasjonen verkar inn på barnehagen, skulen og vaksenopplæringa. Dette er dei første stadane der nye i landet får høve til å gjere seg kjent med det norske samfunnet. Her spelar lærarprofesjonen ei avgjerande rolle. Det er behov for FoU-arbeid som ser på samanhengen mellom kompetansen til innvandrarar og korleis den vert verdsett og brukt i det norske utdanningssystemet. Dette kan handle om verdiar og formell eller uformell kompetanse.

Digitalisering

Sosiale medium, digital teknologi og kommunikasjon er viktige både i utdanning og arbeidsliv. Vi treng meir kunnskap som rettar seg direkte til lærarar og leiarar om pedagogisk og kritisk bruk av nye kommunikasjonsformer. Vi treng kunnskap om korleis læremiddel, læringsplattformer, skuleadministrative system, andre IT-system og pedagogiske program kan støtte læringsarbeidet i ulike fagområde og fag, og korleis slike verktøy kan fremje kollektive læringsprosessar. Det er også behov for meir kunnskap om korleis digitalisering verkar inn på læringa til elevane og arbeidsvilkåra til lærarane.


Profesjonen skal utvikle praksis gjennom felles refleksjon og systematisk utviklingsarbeid. Det trengs forsking og utviklingsarbeid som utfordrar, styrker og vidareutviklar handlingsgrunnlaget og fellesskapet til profesjonen.

Utdanningsforbundet vil etterspørje forsking om:

Profesjonskvalifisering

Profesjonskvalifisering er ein yrkeslang prosess som startar i lærarutdanninga og held fram når læraren er nyutdanna og gjennom dei yrkesaktive åra. Etter- og vidareutdanning gjennom heile yrkesløpet er ein sentral del av dette.

Vi treng meir forsking på og i lærarutdanningane om overgangen mellom utdanning og læraryrket, og om korleis lærarar og leiarar samhandlar. Viktige aspekt vil vere korleis kompetansen til nyutdanna blir brukt, og kva rolle etter- og vidareutdanning spelar for utviklinga av profesjonsfellesskapet. Har vi dei lærarutdanningane som trengs? Kva er konsekvensane av dei nye rammeplanane som vi fekk i perioden 2010-2017?

Kva vil det seie for barnehagar, skular og praksisverksemder at dei er læringsarenaer for lærarstudentar i praksis?

Eit anna aktuelt område er kvalifisering av innvandrarar med lærarutdanning frå andre land. Korleis opplever lærarar utan godkjend utdanning i Norge møtet med det norske utdanningssystemet?

Forsking må sjå på korleis lærarar lærer, og korleis vi kan sikre kontinuitet i profesjonskvalifiseringa.

Det er behov for meir kunnskap om samanhengen mellom profesjonsutøving og etisk ansvar. Eit viktig spørsmål er korleis lærarar og leiarar arbeider med profesjonsetikk i det daglege, og kva rammer som må vere på plass for å stimulere til profesjonsetisk dialog og refleksjon.

Leiing

Leiarar har eit særskilt ansvar for den faglege og pedagogiske leiinga i barnehage og skule. Dei har ei viktig rolle når det gjeld deltaking i og bruk av FoU-arbeid. Vi har behov for meir kunnskap om korleis vi kan utøve leiing slik at profesjonen utviklar kunnskapsplattforma si ved bruk av og deltaking i FoU-arbeid. Samarbeid mellom leiarar og tillitsvalde er eit anna område med behov for FoU-arbeid.

Leiarar har også eit særskilt ansvar for å vurdere etiske sider ved deltaking i ulike FoU-prosjekt. Det er nødvendig med meir kunnskap om ulike måtar å drive utdanningsleiing på, og kva verdi leiing har for læringa til barn, unge og vaksne. Vi treng også meir kunnskap om styrar- og rektorutdanningane, og kva dei har å seie for utøving av leiarskap i barnehage og skule.


Barnehagar og skular er samfunnsinstitusjonar styrt av nasjonale mål og føringar. Samstundes verkar dei i ein lokaldemokratisk samanheng der både prioriteringane til lokalpolitikarane og barnehage- og skulefagleg kompetanse har innverknad på den samla styringa.

Utdanningsforbundet vil etterspørje forsking om:

Likeverdig utdanning og styringssystemet

Barnehagen og skulen som del av eit desentralisert styringssystem, utfordrar målet om likeverdig utdanning og aktualiserer fleire spørsmål. Eitt spørsmål er korleis nasjonal og lokal styring av utdanning fremjar likeverdig utdanning innanfor det breie samfunnsmandatet.

Også veksande kommersialisering og privatisering i utdanningssektoren utfordrar prinsippet om likeverdig utdanning. Vi treng meir kunnskap om kva kommersielle aktørar og private interesser har å seie for dimensjonering av utdanningstilbodet og den demokratiske styringa av utdanningssektoren. Eit anna område gjeld auka kommersialisering av innhaldet i utdanninga gjennom mellom anna pedagogiske program, og kva det har å seie for lærarane sitt ansvar for opplæringa.

Ansvar, tillit og kontroll

Det er venta at lærarprofesjonen tek ansvar for det mandatet som er gitt, og at den vert møtt med tillit til at den gjer nettopp det. Samstundes har samfunnet eit opplagt og legitimt behov for innsyn. Behov for vurderingssystem og rapportering følgjer av dette.

Vi treng meir kunnskap om samanhengen mellom kommunale, fylkeskommunale og nasjonale styringssystem, og korleis dei grip inn i forvaltninga av samfunnsmandatet og det profesjonelle ansvaret til lærarane. Kva opplever ulike aktørar som formålstenleg vurdering og rapportering? Korleis kan vi utvikle ein tilbakemeldingskultur som gir gode læringsprosessar på alle nivå, og som fremjar samspel mellom nivåa?

Eit anna spørsmål er korleis tillitsvalde kan medverke i avgjerdsprosessar med  profesjonsfagleg kompetanse og til å bygge sterke profesjonsfellesskap der leiarar, lærarar og støttesystem tek eit felles ansvar for eigen fagleg utvikling. Leiarar og lærarar må fritt kunne delta i den offentlege debatten om utdanningspolitikk og ytre seg om anna samfunnsliv. Kva høve leiarar og lærarar har til fri ytring, er eitt aktuelt spørsmål. Eit anna er korleis retten og plikta som leiarar og lærarar har til å varsle når barn, unge og vaksne ikkje får oppfylt retten sin til eit godt læringsmiljø, blir følgd opp i praksis.


Samfunnet er avhengig av at fleire søker og fullfører lærarutdanning og blir verande i yrket. Vi treng forsking om kva som gjer yrket attraktivt, og kva som skal til for å sikre full lærardekning.

Tilsette må bli verna mot vald, truslar om vald og mobbing både i arbeidssituasjonen og i digitale medium. Det er behov for forsking som ser på korleis vi kan forebygge slike hendingar, og korleis utsette lærarar kan bli følgde opp på best mogleg måte.

Utdanningsforbundet vil etterspørje forsking om:

Korleis rekruttere og behalde lærarar og leiarar?

Mange faktorar vil dei komande åra verke saman på ein måte som aukar behovet for rekruttering til læraryrket, og til at fleire blir i yrket. Kunnskap om rekruttering til lærarprofesjonen bør omfatte studium av alle fasar i yrkeslivet. Kva kjenneteiknar barnehagar og skular med stabilitet i det pedagogiske personalet? Kva skal til for at lærarar står lenger i yrket? Korleis har piloten med lærarspesialistordninga medverka til at lærarar vert verande i yrket og til meir differensierte oppgåver i kollegiet? Det er behov for kunnskap om kva som skal til for at lærarar tek doktorgrad og framleis arbeider i barnehage og skule. Kva endringar skal til for å sikre betre kjønnsbalanse i rekrutteringa til læraryrket?

Vidare er det behov for forsking som ser på rekruttering av lærarutdannarar. Kva gjer lærarutdanning attraktivt for arbeidstakarar med høg fagleg kompetanse og god profesjonskompetanse? Korleis styrke og halde ved like profesjonskompetansen til alle tilsette i lærarutdanningane?

Sjukefråvær

Vi har gode data om storleiken på sjukefråværet i barnehage og skule. Vi veit likevel lite om kvifor sjukefråværet er høgt, og kva som kan gjerast for å få det ned. Forsking viser at rollekonflikt, emosjonelle krav, truslar og vald er arbeidsmiljøfaktorar som aukar risikoen for sjukefråvær. Er det samanheng mellom slike arbeidsmiljøfaktorar og det høge sjukefråværet i barnehagar og skular? Kan motstridande krav eller gap mellom ressursar til å utføre oppgåver og forventningar til profesjonell standard føre til sjukefråvær? Korleis verkar vald eller truslar om vald på sjukefråværet? Dette treng vi å vite meir om for å kunne sette inn tiltak som fremjar nærvær i barnehagar og skular. 


4. Rammevilkår for forsking

(Gå tilbake til toppen av sida)

Utdanningsforbundet har som mål at utdanningsforskinga skal ha god kvalitet, og at den har relevans for profesjonsutøvarane og for utviklinga av barnehage, skule og lærarutdanning. I dette arbeidet har lærarutdanningsmiljøa ei viktig rolle. Forskingskompetanse må byggast systematisk, og rammevilkåra for forsking må vere gode. Det må leggast til rette for samarbeid med barnehagar og skular om FoU-arbeid. Finansiering av universitet og høgskular må vere føreseieleg og langsiktig. Dette er avgjerande for god kunnskapsutvikling, forsking, utvikling og strategiske satsingar. 

Det skal vere attraktivt å velje ei karriere i universitets- og høgskulesektoren. Konkurransedyktig lønn og høve til god lønnsutvikling, fast stilling og ei føreseieleg opprykksordning til høgre stillingskategori er viktige element for å rekruttere og halde på kvalifiserte tilsette.

Tilsette må vere sikra gode vilkår for å drive F0U-arbeid. Tilsette i undervisnings- og forskarstillingar må ha fastsett tid i dei personlege arbeidsavtalane til FoU-arbeid, undervisning og andre arbeidsoppgåver. Dette vil gjere arbeidet føreseieleg og meir attraktivt.

God kvalitet i FoU-arbeidet i utdanningssektoren krev langsiktig arbeid, stabile fagmiljø og samarbeid med barnehage og skule om relevante og aktuelle tema. Dette inneber at fast tilsetting må vere det normale i universitet og høgskular.

Utdanningsforbundet meiner at ein sentral avtale om tid er den beste måten å sikre kvalitet i FoU-arbeidet på. Samstundes pliktar leiing, tillitsvalde og tilsette i undervisnings- og forskarstillingar å sørgje for god utnytting av forskingsressursane institusjonen rår over. Dei må også medverke til at forholda vert organisatorisk lagt til rette for samanhengande tid til FoU-arbeid.


Nasjonale og internasjonale utfordringar som berekraftig utvikling, klima, migrasjon, fattigdom og utdanning for alle, krev at det vert satsa sterkare på kunnskapsutvikling. Trass i at midlane til FoU-arbeid har vakse, er det ytterlegare behov for å auke løyvingane i åra som kjem. Styrkinga må kome i form av vekst i ressursane til grunnforsking, bruksretta forsking og forskingsprogram.

Finansiering av FoU-arbeid i og på barnehage, skule og lærarutdanning må vere i samsvar med det omfattande mandatet som er gitt sektoren og dei forventa ambisjonane om utvikling. Det inneber at det totale omfanget av forskingsressursar må bli større.

Utdanningsforbundet meiner at ein finansieringsmodell ikkje skal skilje mellom publisering på ulike nivå. Dei tilsette vert oppmoda om å publisere på nivå 2, noko som fører til meir bruk av engelsk framfor norsk fagspråk i FoU-arbeid. Det rammar det norske utdanningssystemet og lærarprofesjonen, der utdanningsforsking er viktig for å utvikle profesjonen og sektoren.

Dagens finansieringsmodell tek ikkje omsyn til dei store endringane i universitets- og høgskulesektoren dei siste åra. Vi meiner difor at finansieringsordninga må bli gått igjennom.

Tildeling av FoU-midlar til universitet og høgskular må gjerast med utgangspunkt i ein finansieringsmodell som sikrar føreseieleg tildeling. Utdanningsforbundet meiner at basisfinansieringa må aukast for å styrke både utdanning, forsking og utviklingsarbeid. Solid basisfinansiering er avgjerande for langsiktig kunnskapsutvikling og strategiske satsingar i institusjonane.

Forskingsinstitutta er viktige for utdanningssektoren. Utdanningsforbundet meiner at institutta må få større offentlege løyvingar. Finansieringa må vere føreseieleg for institutta og sikre gode arbeidsvilkår for tilsette.