Internasjonal strategi 2016-2019

Flyktningbarn fra Syria i Jordan
Flyktningbarn fra Syria på en klinikk i Ramtha, Nord-Jordan. Foto: Russell Watkins

Utdanningsforbundet brukar medlemskapet i Education International (EI) og andre internasjonale organisasjonar til å påverke global utdanningspolitikk og få kunnskap og innsikt i internasjonale prosessar og trender innan utdanningsområdet.

Utdanning er ein menneskerett, og Utdanningsforbundet meiner den skal være gratis og offentlig styrt og finansiert. For å sikre utdanning av god kvalitet må vi ha kvalifiserte lærarar. Lærarfagforeiningar skal formidle og sikre demokratiske verdiar og være ein anerkjent part i handheving av sosial rettferd. Internasjonalt samarbeid er viktig for å styrkje dei menneskelege og faglege rettane til kollegaer på tvers av landegrenser, og for å påverke utdanningspolitiske spørsmål i EU-systemet og andre internasjonale fora. 

Det er  vedteke på Utdanningsforbundets landsmøte at vi som organisasjon skal engasjera oss breidt i det internasjonale arbeidet. Via EI, med over 32 millionar medlemmar, samarbeider vi med fagforeiningar og organisasjonar i Afrika, Asia, Europa, Latin-Amerika og Midtausten. Menneskerettsspørsmål, retten til fri organisering, fredsarbeid, kvinnespørsmål og utdanning for alle står sentralt i arbeidet. 

Den internasjonale strategien skal styrke den globale fagbevegelsen. Vi arbeider for å oppnå FN sine bærekraftsmål,  med spesiell vekt på mål nummer fire:

Sikre inkluderande og rettferdig kvalitetsutdanning for alle og fremje livslang læring.

Vidare skal Utdanningsforbundet :

  • halde seg orientert om og påverke europeisk utdannings- og fagforeiningspolitikk
  • bidra i erfaringsutveksling og kunnskapsdeling med nordiske lærarorganisasjonar
  • være orientert om og påverke initiativ og prosessar i OECD på utdannins-, kompetanse- og arbeidslivspolitikk
  • væra i dialog med norske myndigheiter om internasjonal utdannings- og fagforeiningspolitikk og påverke dette arbeidet
  • styrke det nasjonale og internasjonale arbeidet sitt gjennom medlemskapet i Unio
  • gjæra medlemmane i stand til å identifisera samanhangar mellom lokal, nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk

Strategi for Utdanningsforbundets arbeid internasjonalt 2016-2019

International Strategy Union of Education Norway 2016-2019

Kortversjon av rapport for UDFs rammeavtale med Norad 2013-15