Høyring om endringar i opplæringslova og friskolelova. Plikt til å tilby leirskuleopphald. Skulebyte i vidaregåande opplæring.

Utdanningsforbundet støttar forslaget om å pålegge kommunane plikt til å tilby leirskuleopphald eller tilsvarande som ein del av grunnskuleopplæringa.

Praktiske læringssituasjonar og praktiske ferdigheiter i grunnopplæringa er viktig, og leirskule er ein verdfull læringsarena som må lovfestast slik at alle elevar får tilbodet. At ca. 80 prosent av elevane får dette tilbodet i dag, betyr at det er 20 prosent som ikkje får det. Det betyr at grunnskuletilbodet ikkje er likeverdig. For å skape likeverd for alle elevar, må plikta også gjelde friskular, og liknande paragraf må difor inn i friskulelova.

Når det gjeld departementet sitt forslag til lovtekst, vil denne ikkje ivareta retten til leirskule for elevane, sidan den også opnar for annan type skuletur. Utdanningsforbundet meiner at eit opphald på ein bemanna eller ubemanna leirskule, eller eit tilsvarande opplegg, bør lovfestast. Eit leirskuleopphald omfattar læreplanmål både i generell del/overordna del og i læreplanar for fag, og omfattar tverrfagleg læring og utvikling av heile mennesket. Leirskule handlar om elevaktivitet, handlingskompetanse og praktiske ferdigheiter, både for den einskilde og i samarbeid med andre. Fellesopplevingar gir sosial trening og styrker klassemiljøet. Fysisk aktivitet, friluftsliv og naturen som læringsarena er viktige stikkord. Leirskuleopphaldet bør fortrinnsvis leggast til barnetrinnet.