Framlegg om endring i Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Utdanningsforbundet sluttar seg også til kravet om tverrfaglege tilbod, systematisk styring av verksemda og at det skal peikast ut leiar(ar) for tenestene.

Utdanningsforbundet meiner samstundes at forskrifta med fordel kunne ha vore meir forpliktande i kravet til tenestene ut over at dei skal «bidra til» og «medvirke til».

Noverande forskrift inneheld også omfattande og til dels detaljerte kommentarar. Desse kommentarane klargjer og utdjupar forskriftsteksten og har vore opplevd som nyttig for brukarar. Framlegget til ny forskrift er nokså generelt utformal utan slike kommentarar.

Utdanningsforbundet har forståing for at det kan vere ulike vurderingar av graden av detaljering i forskrifter. Når departementet i framlegget har presentert ein forskriftstekst utan
slike kommentarar, utløyser det etter vår vurdering behov for rettleiing eller liknande knytt til forskrifta, med drøfting og tolking av det nye regelverket.

Utdanningsforbundet regisrerer at høyringsnotatet konkluderer med at framlegget ikkje vil ha «nevneverdige økonomiske og administrative konsekvenser». Utdanningsforbundet er usamd i denne vurderinga.