Forslag om endringar i opptaksforskrifta

Kravet om generell studiekompetanse

Utdanningsforbundet meiner at generell studiekompetanse må vere grunnlaget for høgare utdanning, og støttar difor departementet i at generell studiekompetanse skal vere det normale opptakskravet til høgare utdanning. Det bør ikkje krevjast at søkjarar skal ha utvikla særskilte ferdigheiter på førehand, og spesielle opptakskrav bør berre nyttast der det av faglege grunnar er naudsynt. Innanfor opptak til dei praktiske og estetiske studia, er det viktig at departementet ser på om eit unntak frå kravet om generell studiekompetanse vil få konsekvensar for opptak til lærarutdanning. Spesielt vil dette kunne vere ei utfordring ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Det er viktig å styrke dei praktiske og estetiske faga inn i utdanningssystemet, og dermed å følgje opp om endringa i føresegna vil verke negativt på kompetanse innanfor desse fagområda. Kompetanse innan praktiske og estetiske fag er essensielt i framtidsretta lærarutdanningar, og ein er nøydd til å forsikre seg om at ein ikkje misser denne kompetansen.