Høyringsbrev - Karriererettleiingsutvalets delrapport

Utdanningsforbundet er opptatt av at om ein ønskjer å styrke det heilskaplege systemet for livslang karriererettleiing, må den bli styrka i alle ledd, ikkje bare på nett.

Publisert 12.02.2016 Denne artikelen kan inneholde utdatert informasjon +1år

Vi vil først presentere våre hovudinnspel før vi går nærare inn i dei ulike punkta som Kunnskapsdepartementet ønskjer innspel på. Utdanningsforbundet er opptatt av:

  • At det heilskaplege systemet for livslang karriererettleiing må bli styrka i alle ledd, ikkje berre på nett.
  • At rådgjeving/karriererettleiing må vere godt forankra i skuleverket, og at tidsressursen til rådgjeving/karriererettleiing må bli styrka.
  • At gjensidig tillit, god kjennskap til dei som skal bli rettleia og ein låg terskel, er viktige vilkår for god rådgjeving/karriererettleiing.
  • At eit eventuelt system for nettbasert rettleiing må fungere som eit supplement til andre tenester.
  • At alle elevar/lærlingar bør ha ein reell tilgang til ansikt-til-ansikt- rådgjeving/rettleiing – ikkje berre dei med mest prekære behov.
  • At eit heilskapleg karriererettleiingstilbod må auke tilgangen for alle grupper, også for vaksne.
  • At medverknad frå praksisfeltet – også i etableringsfasen, blir avgjerande for eigarskap og kvalitet på eit eventuelt nettbasert tilbod.

Høyringssvar frå Utdanningsforbundet.