Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til privatskulelova

Utdanningsforbundet er kritisk til at forskrift til privatskulelova vert sendt på høyring når framlegga til endringar forskotterer Stortinget si handsaming av framlegg til endringar i sjølve lova.

Publisert 18.06.2015 Denne artikelen kan inneholde utdatert informasjon +1år

Om høyringsprosessen

Regjeringa sitt framlegg til endringar i privatskulelova i Prop. 84 L (2014-2015) har nyleg vore til handsaming i Stortinget. Det følgjer av høyringsbrevet at det er nødvendige å gjere endringar i forskrift til privatskulelova som følgje av framlegga i proposisjonen.

Utdanningsforbundet er kritisk til at forskrift til privatskulelova vert sendt på høyring når framlegga til endringar forskotterer Stortinget si handsaming av framlegg til endringar i sjølve lova. Vi er også kritiske til at Utdanningsdirektoratet har fastsett ein høyringsfrist på berre seks veker. Slike korte fristar reduserer høyringsinstansane sitt høve til gode og breie interne diskusjonar.

Generelle kommentarar

Utdaningsforbundet gjekk i Kunnskapsdepartementet si høyring om endringar i privatskulelova (ny friskulelov) sterkt imot dei fleste av framlegga, blant anna framlegget om vidaregåande opplæring i yrkesfag og profilskular som nye grunnlag for godkjenning. Det følgjer av denne motstanden at Utdanningsforbundet vil vere kritiske til endringar i forskrifta som vert utleia av eventuelle endringar i lovgrunnlaget.

Utdaningsforbundets høringsuttalelse