Slik jobber vi med fagfornyinga

Utdanningsforbundet sin ambisjon er at vi skal prege prosessen, innhaldet og verknadane av fagfornyinga.

Både Utdanningsforbundet og kunnskapsministeren har vore opptekne av at lærarar og leiarar skal involverast i arbeidet med dei nye læreplanane. Stortingsfleirtalet har blant anna peika på behovet for tettare samarbeid med lærarprofesjonen, og at reformer i skulen må skje gjennom aktiv deltaking frå profesjonen.

Som profesjonsorganisasjon ønskjer Utdanningsforbundet å vere ein sterk premissleverandør både for utdanningspolitikk, vilkår for profesjonsutøving og for vidareutvikling av den pedagogiske praksisen.

Vi skal prege prosessen

Ludvigsenutvalet sine utgreiingar og rapporten om lærarrolla erkjenner kompleksiteten i utdanninga og legg vekt på eit verdiorientert og breiare danningsaspektet ved utdanninga. Utdanningsforbundet vil arbeide for at desse perspektiva vert tydelege i læreplanarbeidet.

Den same erkjenninga kom til syne under Stortinget si handsaming av St. Meld 28. Stortinget ønskjer eit verdiløft i skulen. Stortingsfleirtalet peikar på behov for tettare samarbeid med lærarprofesjonen der dei anerkjenner fagkunnskapen som medlemmane og profesjonen rår over. Stortinget legg elles til grunn at reformer i skulen må skje gjennom aktiv deltaking frå skulen sine eigne folk. Stortinget fatta også vedtak om at det er lærarane sitt ansvar og faglege skjønn som skal avgjere kva for metodar og verkemiddel som skal takast i bruk i opplæringa for å nå kompetansemål og å oppfylle skulen sitt generelle samfunnsmandat.

Utdanningsforbundet sin ambisjon er at vi skal prege prosessen, innhaldet og verknadane av fagfornyinga. Dette krev brei mobilisering av alle organisasjonsledd slik at vi sikrar profesjonalisering innanfrå og nedanfrå. Utdanningsforbundet vil arbeide for å styrke klubbane og klubbarbeidet ved å arbeide for god dialog og informasjonsflyt overfor medlemmar og tillitsvalde. Lærarprofesjonen har eit godt høve til å påverke i utforminga av det nye læreplanverket. Vi ønskjer difor å involvere våre tillitsvalde og medlemmar i arbeidet, og leggje til rette for at profesjonen påverkar i prosessane framover. 

Les meir om arbeidet med ny Overordna del: