Dette er fagfornyinga

Fagfornyinga inneber at båe utdanninga sitt innhald og organisering og innretninga på utdanningsoppdraget skal fornyast og forbetrast. Det krev ei brei forankring og god involvering av lærarar og leiarar i skulen.

Stortinget har vedteke at heile læreplanverket for grunnopplæringa skal fornyast. Men kva inneber dette?

Fagfornyinga omfattar generell del som no er erstatta av ny Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fornyinga omfattar også prinsipp for opplæringa og læringsplakaten som inngår i overordna del, og alle læreplanar for fag i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring. Det er også starta eit arbeid med å fornye programfaga på yrkesfag.

Om vedtaket

Stortinget fatta sitt vedtak på bakgrunn av Meld. St. 28 (2015-2016) Fag – Fordypning – Forståelse, som bygde på Ludvigsenutvalet sine to utgreiingar, NOU 2014:7 og NOU 2015:8.

Meldinga la til grunn at fagfornyinga skal gje gode skulefag med relevant innhald for morgondagens arbeids- og samfunnsliv. Progresjonen i opplæringa og samanhengen mellom fag og mellom fag og ny overordna del skal bli betre.

Læreplanane skal leggje til rette for djupnelæring og tverrfaglege tema og gje tydelegare retning for skulen og lærarane sine val av innhald i opplæringa og for vurdering av elevane sin kompetanse.

Vi skal vere ein sterk premissleverandør

Utan brei forankring og god involvering av lærarar og leiarar vil ein ikkje kunne oppfylle Stortinget sine ambisjonar for fagfornyinga. 

Oppdraget er gitt av Stortinget gjennom opplæringslova, særleg formålsparagrafen, § 1-1. Men i utøvinga av oppdraget et det lærarprofesjonen som kan mest. Fagfornyinga inneber at innretninga på utdanningsoppdraget, utdanninga sitt innhald og organisering, skal fornyast og forbetrast.

Då Stortinget handsama stortingsmelding 28 vart regjeringa eksplisitt bedt om «å sikre et verdiløft i skolen gjennom bedre å innlemme formålsparagrafens fellesverdier i alle fag og på alle nivåer i skolen. Stortinget var også opptatt av eit breiare kunnskapssyn, større handlingsrom for lærarar og leiarar, og meir tillit til lærarprofesjonen uttrykt spesifikt ved at «det er lærernes ansvar og faglige skjønn som skal avgjøre hvilke metoder og virkemidler som skal tas i bruk i undervisningen for å nå kompetansemål og oppfylle skolens generelle samfunnsmandat».

...gjennom fagfornyinga skal vi vinne erfaringar og styrke oss, både som profesjonsorganisasjon og som profesjonsutøvarar.

Utdanningsforbundet har som målsetjing at lærar- og leiarstemma skal setje avtrykk både i prosessen med å utvikle nye lærarplanar og i resultatet, dei endelege læreplanane. Målsetjinga er også at vi gjennom fagfornyinga skal vinne erfaringar og styrke oss, både som profesjonsorganisasjon og som profesjonsutøvarar. Dette er det vi kallar profesjonalisering innanfrå.

Utdanningsforbundet skal i arbeidet med fagfornyinga medverke til

  • at det overordna verdigrunnlaget pregar dei nye læreplanane
  • at det vert tydeleg lagt til rette for djupnelæring
  • at talet på kompetansemål vert redusert
  • at vurderingsaspektet vert trekt inn i fagfornyinga med mest mogleg samsvar mellom faglege ambisjonar og framtidig vurderingspraksis
  • at planane understøttar ei lærarrolle med godt rom for fagleg og metodisk skjønnsutøving

Dei tre fasane i fagfornyinga

Arbeidet med å utforme nye læreplanar er delt inn i tre fasar.

2017-2018

I den første fasen som no er avslutta, vart det på bakgrunn av tre innspelsrundar fastsett kjerneelement i fag – «det elevene må lære for å kunne mestre og anvende faget, det mest betydningsfulle faglige innholdet elevene skal arbeide med i opplæringen» – og det vart utarbeidd retningslinjer for det vidare arbeidet med utforming av læreplanar for fag.

2018-2019

Arbeidet i den første fasen la grunnlaget for den andre fasen, der det skal utarbeidast nye læreplanar for fag. Utdanningsdirektoratet har oppretta nasjonale læreplangrupper som 18. oktober vil presentere dei første skissene til nye læreplanar. Desse vil vere på innspelrunde fram til 14. november 2018.

Les dei første skissene på udir.no: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/forste-skisse-til-nye-lareplaner/

Utdanningsforbundet vil oppmode lærarar, leiarar og andre om å vurdere og kommentere skissene, om å gje innspel til Utdanningsdirektoratet og å bruke skissene som grunnlag for diskusjon og refleksjon på eigen arbeidsplass.

Nye og vidareutvikla skisser til læreplanar vil bli sende på høyring ein gong i perioden mars-juni 2019. Kunnskapsdepartementet vil fastsetje dei endelege læreplanane hausten 2019.

2019-2020-

Fase tre er planleggings- og iverksetjingsfasen. Då har skular, kommunar/fylkeskommunar og lærarutdanningane eitt år på seg til å gjere seg kjende med og bu seg til å ta læreplanverket i bruk. Skulane skal ta i bruk dei nye læreplanane frå og med skuleåret 2020/2021, først for 1.-9. trinn og Vg1.