Ressurser for tillitsvalgte

Som profesjonsorganisasjon for lærarar og leiarar skal Utdanningsforbundet vere ein sterk premissleverandør både for utdanningspolitikk, vilkår for profesjonsutøving og for vidareutvikling av den pedagogiske praksisen.

Vår ambisjon er at lærarprofesjonen skal prege prosessane og innhaldet i fagfornyinga. Dette krev brei mobilisering av alle organisasjonsledd i Utdanningsforbundet for å sikre profesjonalisering innanfrå og nedanfrå. Vi jobbar for at du som tillitsvald og medlem vert involvert for å kunne påverke, med mål om at lærarar på alle skular får tid til å diskutere, gje innspel og forebu seg til å bruke det nye læreplanverket.

Lærarprofesjonen si sentrale rolle i fagfornyinga

Ludvigsenutvalet sine utgreiingar og rapporten om lærarrolla erkjenner kompleksiteten i utdanninga og legg vekt på eit verdiorientert og breiare danningsaspekt ved utdanninga.

Den same erkjenninga kom til syne under Stortinget si handsaming av St. Meld 28. Stortinget ønskjer eit verdiløft i skulen. Stortingsfleirtalet peikar på behov for tettare samarbeid med lærarprofesjonen der dei anerkjenner fagkunnskapen profesjonen rår over. Stortinget legg elles til grunn at reformer i skulen må skje gjennom aktiv deltaking frå skulen sine eigne folk. Stortinget fatta også vedtak om at det er lærarane sitt ansvar og faglege skjønn som skal avgjere kva for metodar og verkemiddel som skal takast i bruk i opplæringa for å nå kompetansemål og å oppfylle skulen sitt generelle samfunnsmandat.

Utdanningsforbundet vil arbeide for at desse perspektiva og ambisjonane for fagfornyinga vert realiserte, og at lærarprofesjonen vert engasjert som sentrale premissleverandørar i dette arbeidet.

Hvordan arbeide med fagfornyelsen ved skolene

I arbeidet med fagfornyelsen ønsker Utdanningsforbundet å holde et sterkt faglig og politisk trykk slik at organisasjonen kan være med å prege utviklingen framover. Som arbeidsplasstillitsvalgt og/eller ledermedlem kan du:

  • Sette av tid til å jobbe med fagfornyelsen på skolen din.
  • Diskutere fagfornyelsen i møter, team, avdelinger, fagseksjoner, på personalmøter og i klubben.
  • Invitere og involver hele lærerkollegiet på åpne klubbmøter.
  • Kontakte eget lokallag og inviter dem til skolen din for å snakke om fagfornyelsen.
  • Følge med på hvordan din kommune og fylkeskommune setter fagfornyelsen på dagsordenen. Spør dem om hvordan de planlegger å involvere lærerne og lederne i arbeidet framover.

Mer om arbeidet med ny Overordnet del