Dette er fagfornyinga

Som profesjonsorganisasjon ønskjer Utdanningsforbundet å vere ein sterk premissleverandør både for utdanningspolitikk, vilkår for profesjonsutøving og for vidareutvikling av den pedagogiske praksisen.

Kva inneber fagfornyinga?

Fagfornyinga inneber at både utdanninga sitt innhald og organisering, og innretninga på utdanningsoppdraget, skal fornyast og forbetrast. Det krev ei brei forankring og god involvering av lærarar og leiarar i skulen.

Fagfornyinga omfattar ein ny Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen som kjem i staden for generell del. Fornyinga omfattar også prinsipp for opplæringa og læringsplakaten som no inngår i overordna del, og alle læreplanar for fag i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Fornyinga av fag i grunnskulen og fellesfaga i vidaregåande opplæringa går no inn i siste fase med høyring på desse planane. Ein har no også starta med fornyinga av programfaga på studieførebuande og på yrkesfag.

Stortingsmelding 28 Fag – fordypning – forståelse la til grunn at fagfornyinga skal gje gode skulefag med relevant innhald for morgondagens arbeids- og samfunnsliv. Progresjonen i opplæringa og samanhengen mellom fag og mellom fag og ny overordna del skal bli betre.

Læreplanane skal leggje til rette for djupnelæring og tverrfaglege tema og gje tydelegare retning for skulen og lærarane sine val av innhald i opplæringa og for vurdering av elevane sin kompetanse.

Vi skal vere ein sterk premissleverandør

Utan brei forankring og god involvering av lærarar og leiarar vil ein ikkje kunne oppfylle Stortinget sine ambisjonar for fagfornyinga. 

Oppdraget for skulen er gitt av Stortinget gjennom opplæringslova, særleg formålsparagrafen, § 1-1. Men i utøvinga av oppdraget et det lærarprofesjonen som kan mest. Fagfornyinga inneber at innretninga på utdanningsoppdraget, utdanninga sitt innhald og organisering, skal fornyast og forbetrast.

Då Stortinget handsama stortingsmelding 28 vart regjeringa eksplisitt bedt om «å sikre et verdiløft i skolen gjennom bedre å innlemme formålsparagrafens fellesverdier i alle fag og på alle nivåer i skolen. Stortinget var også opptatt av eit breiare kunnskapssyn, større handlingsrom for lærarar og leiarar, og meir tillit til lærarprofesjonen uttrykt spesifikt ved at «det er lærernes ansvar og faglige skjønn som skal avgjøre hvilke metoder og virkemidler som skal tas i bruk i undervisningen for å nå kompetansemål og oppfylle skolens generelle samfunnsmandat».

Utdanningsforbundet har som målsetjing at lærar- og leiarstemma skal setje avtrykk både i prosessen med å utvikle nye lærarplanar og i resultatet – dei endelege læreplanane. Målsetjinga er også at vi gjennom fagfornyinga skal vinne erfaringar og styrke oss, både som profesjonsorganisasjon og som profesjonsutøvarar. Dette er det vi kallar profesjonalisering innanfrå.

Utdanningsforbundet skal i arbeidet med fagfornyinga medverke til

  • at det overordna verdigrunnlaget pregar dei nye læreplanane
  • at det vert tydeleg lagt til rette for djupnelæring
  • at talet på kompetansemål vert redusert
  • at vurderingsaspektet vert trekt inn i fagfornyinga med mest mogleg samsvar mellom faglege ambisjonar og framtidig vurderingspraksis
  • at planane understøttar ei lærarrolle med godt rom for fagleg og metodisk skjønnsutøving

Vi skal prege prosessen

  • Ludvigsenutvalet sine utgreiingar og rapporten om lærarrolla erkjenner kompleksiteten i utdanninga og legg vekt på eit verdiorientert og breiare danningsaspektet ved utdanninga. Utdanningsforbundet vil arbeide for at desse perspektiva vert tydelege i læreplanarbeidet.
  • Den same erkjenninga kom til syne under Stortinget si handsaming av St. Meld 28. Stortinget ønskjer eit verdiløft i skulen. Stortingsfleirtalet peikar på behov for tettare samarbeid med lærarprofesjonen der dei anerkjenner fagkunnskapen som medlemmane og profesjonen rår over. Stortinget legg elles til grunn at reformer i skulen må skje gjennom aktiv deltaking frå skulen sine eigne folk. Stortinget fatta også vedtak om at det er lærarane sitt ansvar og faglege skjønn som skal avgjere kva for metodar og verkemiddel som skal takast i bruk i opplæringa for å nå kompetansemål og å oppfylle skulen sitt generelle samfunnsmandat.
  • Utdanningsforbundet sin ambisjon er at vi skal prege prosessen, innhaldet og verknadane av fagfornyinga. Dette krev brei mobilisering av alle organisasjonsledd slik at vi sikrar profesjonalisering innanfrå og nedanfrå. Utdanningsforbundet vil arbeide for å styrke klubbane og klubbarbeidet ved å arbeide for god dialog og informasjonsflyt overfor medlemmar og tillitsvalde. Lærarprofesjonen har eit godt høve til å påverke i utforminga av det nye læreplanverket. Vi ønskjer difor å involvere våre tillitsvalde og medlemmar i arbeidet, og leggje til rette for at profesjonen påverkar i prosessane framover.

Dei tre fasane i fagfornyinga

Arbeidet med å utforme nye læreplanar er delt inn i tre fasar.

2017-2018

I den første fasen som no er avslutta, vart det på bakgrunn av tre innspelsrundar fastsett kjerneelement i fag – «det elevene må lære for å kunne mestre og anvende faget, det mest betydningsfulle faglige innholdet elevene skal arbeide med i opplæringen» – og det vart utarbeidd retningslinjer for det vidare arbeidet med utforming av læreplanar for fag.

2018-2019

Arbeidet i den første fasen la grunnlaget for den andre fasen, der det skal utarbeidast nye læreplanar for fag. Utdanningsdirektoratet har oppretta nasjonale læreplangrupper som har utarbeid framlegg til læreplanar. Desse er på høyring i perioden 18.mars – 18. juni 2019.

Les dei første framlegga til nye læreplanar her.

Utdanningsforbundet vil oppmode lærarar, leiarar og andre om å vurdere og kommentere framlegga og å gje innspel til Utdanningsdirektoratet og å bruke framlegga som grunnlag for diskusjon og refleksjon på eigen arbeidsplass.

Dei nye læreplanane skal etter planen vere klare innan 1. november 2019.

2019-2020-2021-2022

Fase tre er planleggings- og iverksetjingsfasen. Då kan skular, kommunar/fylkeskommunar og lærarutdanningane gjere seg kjende med læreplanane og bu seg på å ta heile læreplanverket i bruk. Skulane skal ta i bruk dei nye læreplanane frå og med skuleåret 2020/2021, først for 1.-9. steg og Vg1. For 10. steg og Vg2 skuleåret 2021/2022 og for Vg2 skuleåret 2022/2023.

 

Ressurser for tillitsvalgte