Allianser og samarbeidspartnere i Norge

Utdanningsforbundet er ein stor organisasjon og er interessant å samarbeide med for mange aktørar og organisasjonar. Mange av desse har ei anna politisk og ideologisk forankring, noko som gjer det vanskeleg for Utdanningsforbundet å samarbeide med dei. Grunnlaget for avtalane bygger på Utdanningsforbundet sin politikk og prioriteringar. Avtalane rammar inn vårt engasjement i høve til samfunnsaktørrolla og fungerer komplementerande til vår eiga verksemd.

Flyktninghjelpen

Saman med Flyktninghjelpen skal vi fremje retten til utdanning for alle og kvalifiserte lærarar til alle. Vi skal legge til rette for samarbeid mellom lokale styresmakter og lærarorganisasjonar, skape forståing for at utdanning i konflikt bidreg til å normalisere og stabilisere kvardagen, og motivere til engasjement og deltaking ved naudhjelpsaksjonar. Fylkeslag, lokallag og klubblag kan trekke inn Flyktninghjelpen i opplæringsaugemed, i høve problematikk knytt til flyktningar og internt fordrivne. Samarbeidet skal og synleggjere Utdanningsforbundet sin politikk.

For meir informasjon om Flyktninghjelpen sjå www.nrc.no

Amnesty International

I lag med Amnesty skal vi fremje menneskerettane (inkludert barne-, kvinne- og ILO-konvensjonane) med eit særskilt søkelys på: fagforeiningsretten, retten til utdanning og retten til å ytre seg. Saman skal vi motivere til engasjement og deltaking i ulike menneskerettskampanjar. Fylkeslag, lokallag og klubblag kan trekke inn Amnesty i opplæringsaugemed, i høve problematikk knytt til menneskerettar Avtalen skal og synleggjere Utdanningsforbundet sin politikk.

For meir informasjon om Amnesty sjå www.amnesty.no

Kontaktperson

Rune Fimreite

Seniorrådgiver