Endra opptakskrav: – Vi veit for lite

Frå våren av vert det to alternative opptakskrav til lærarutdanningane. Utdanningsforbundet støttar ei endring, men meiner at opptakskrava som er foreslått er for finmaska og må bli forenkla.

Regjeringa sende i dag ut ei pressemelding om endringar i opptakskrava til grunnskolelærarutdanningane og lektorutdanninga. Søkjarar må no anten ha minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i matematikk og norsk, eller minst 35 skulepoeng, 3 i norsk og 4 i matematikk.

– Det er positivt at regjeringa endrar opptakskrava. Dette har vi kjempa for lenge, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

– Diverre veit vi for lite om korleis denne endringa vil slå ut. Difor må opptakskravet som er foreslått vere midlertidig.

Regjeringa framheld at dei endra opptakskrava vil famna breiare og gi fleire kvalifiserte søkarar. Målet til regjeringa er at alle lærarar i norsk skule skal ha lærarutdanning.

Som kjend manglar 1 av 5 undervisningsårsverk i norsk skule ei godkjend lærarutdanning.

Ønskte ein utgreiing

I november sende regjeringa framlegget om dei nye opptakskrava ut på høyring. Båe Utdanningsforbundet og Pedagogstudentane leverte sine høyringsfråsegn.

Regjeringa har no vedteke å gjennomføre den føreslegne endringa.

– Vi er samde i at dei nye opptakskrava truleg vil gje fleire kvalifiserte søkjarar nettopp fordi to alternative opptaksgrunnlag vil rekruttere breiare enn eitt opptaksgrunnlag. Samstundes har vi etterlyst ei breiare utgreiing om konsekvensane av dei endringane som no er vedteke, seier Handal.

Leiar i Pedagogstudentane, Elise Håkull Klungtveit, hadde og ønskt seg ein annan løysing.

– Pedagogstudentane ønsker at opptak skal skje på grunnlag av generell studiekompetanse med minimum 40 skulepoeng. Vi er glad for ein endring, men mindre nøgd med at det blir denne løysinga. Vi håper difor at dette berre vil gjelde i ein overgangsperiode, seier Klungtveit.

Frå jubel til venting

Det var i 2016 at regjeringa til Erna Solberg innførde krav om minst karakteren fire i matematikk for å komme inn på lærarutdanning. Kravet har vore svært kontroversielt i utdanningssektoren. Då det blei kjend at Hurdalsplattformen ønska å fjerne firer-kravet, vart det jubel i Utdanningsforbundet.

Handal uttrykte den gong håp om eit opptakskrav som er meir logisk og fornuftig.

– Vi jublar nok noko meir avmålt no. Som sagt er det heilt naudsynt med ein endring, og no får vi sjå korleis dette slår ut. Eg håpar regjeringa vil vere audmjuke nok til å gjere endringar etterkvart dersom dette ikkje treff godt nok, avsluttar Handal.

Sitert

Avbildet: Steffen Handal
Steffen Handal

leder av Utdanningsforbundet

Avbildet: Elise Håkull Klungtveit
Elise Håkull Klungtveit

Leder i Pedagogstudentene