Støtt vår lærarkollega i Guatemala og andre menneskerettsforkjemparar

Den guatemalanske læraren og urfolksaktivisten Bernardo Caal Xol er urettmessig fengsla for å ha motarbeidd eit vasskraftprosjekt. Bernardo er ein av millionar som sit fengsla i kampen for grunnleggande menneskerettar.

Far, lærar og urfolksaktivist

Bernardo Caal Xol er ein menneskerettsforkjempar for miljø og urfolk frå Guatemala. Han er også lærar og far til to jenter på 12 og 14 år. I 2015 protesterte han på fredeleg vis mot to vasskraftprosjekt som ville sette den heilage Cahabòn-elva i fare. Elva har stor betydning for lokalbefolkninga, som er av mayafolket.

Etter ein omfattande svertekampanje frå styremaktene si side, blei han i 2018 dømt til sju års fengsel. Han har til no vore fengsla i tre år.

Grove åtak på menneskerettane verda over

Over heile verda finns det millionar av «Bernardoar». Dette er menneske som kvar dag blir utsette for sjikane, forfølging, fengsling eller i verste fall drap på grunn av sin aktivisme.

I mange land vert politisk aktivisme og sosiale protestar ofte møtt med vald og undertrykking. Fagforeiningar, sivilsamfunnsorganisasjonar og sosiale rørsler som tek til orde for demokrati og grunnleggande menneskerettar blir sett på som «samfunnsfiendar».

– Åtak på grunnleggande menneskerettar og einskilde menneske er heilt uakseptabelt og må motverkast med alle midlar, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Han seier vidare at Utdanningsforbundet er ein solidarisk organisasjon og at det er viktig å støtte opp om alle som vert truga, trakasserte eller fengsla for å utføre dette viktige arbeidet.

«Skriv for Liv» - Det nyttar

I snart tjue år har Amnesty International organisert skrivekampanjen «Skriv for Liv». Millionar av aktivistar verda over protesterer mot urettferd gjennom å skrive brev, Twitter-meldingar og signere opprop til støtte for menneske som blir trakassert, truga og urettmessig fengsla.

Gjennom det som kan kallast verdas største «brevskrivingsmaraton» legg ein press på styresmakter og avgjerdstakarar, og syner at verda følgjer med. Dette skapar også endring. Det finst mange døme på at falske skuldingar blir droppa, aktivistar blir sett fri, menneske i fare får vern og diskriminerande lover blir endra.

Med andre ord – dette arbeidet nyttar!

I årets «Skriv for liv»-kampanje er det tre andre personar Amnesty International har sett søkelyset på, i tillegg til Bernardo.

  • Zhang Zhan er ein av dei første journalistane som rapporterte om covid-19 frå Wuhan i Kina. For dette blei ho uskuldig dømd til fire år i fengsel.
  • Mikita Zalatarou blei arrestert i samband med demonstrasjonane etter det omstridde valet i Kviterussland i august 2020. Sjølv hevdar han at han ikkje hadde noko med demonstrasjonane å gjere, men at han stod og venta på ein ven då han blei pågripen av politiet.
  • Janna Jihad er 15 år og dokumenterer israelske overgrep mot palestinarar på Vestbreidda. Janna blir trua og trakassert på grunn av sitt engasjement, og Amnesty fryktar no for sikkerheita hennar.

Kva kan du gjere?

– Utdanningsforbundet heiar på «Skriv for Liv» og den viktige kampen for å fremje menneskerettane og grunnverdiane demokrati, likeverd og rettferd, seier Handal.

Han oppmodar alle medlemmar og tillitsvalde i Utdanningsforbundet til å delta i årets «Skriv for Liv»-kampanje.

nettsidene til Amnesty International kan du lese meir om årets kampanje og korleis du kan engasjere deg. 

Sitert

Avbildet: Steffen Handal
Steffen Handal

leder av Utdanningsforbundet