Ny opplæringslov på høyring: – Positivt at minstenorma står

Kunnskapsdepartementet har sendt forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova på høyring. – Vi er positive til at departementet ikkje vil fjerne heimel for fastsetting av minstenorm for lærartettleik, seier Steffen Handal.

Forslaget til ny opplæringslov er meint å erstatte dagens opplæringslov, og forslaga til endringar i friskolelova skal sikre god samanheng mellom dei to lovene, skriv departementet.

Opplæringslovutvalet foreslo å fjerne minstenorm for lærartettleik. Dette forslaget er ikkje følgd opp i forslaget til ny opplæringslov.

– Vi er veldig nøgde med at departementet har vald ikkje å følgje opp dette forslaget. At både minstenorma for lærartettleik blir vidareført og at departementet strammar inn reglane om klassestorleik er noko alle elevar vil få stor nytte av framover. Vi er også nøgde med at utkastet har som ambisjon å styrke elevane sin rett til medbestemming, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

Vil stramme inn kompetansekrav for tilsetting

Ikkje uventa følgjer departementet opp utvalet sitt forslag om at kompetansekrava for tilsetting og undervisning i all hovudsak blir som i dagens regelverk.

– Vi meiner at reglane om kompetansekrav for tilsetting bør bli stramma inn, men har ikkje i tilstrekkeleg grad blitt høyrde. Dette er noko vi må følgje grundig opp i høyringsprosessen, seier Handal, og seier vidare:

– Samstundes må vi gå grundig inn på forslag til endringar, mellom anna når det gjeld å sette tydelegare kompetansekrav for dei som skal vere ansvarlege for spesialundervisning.

For Utdanningsforbundet har det vore viktig at den kommande opplæringslova mykje tydelegare understrekar det faglege ansvaret læraren har for opplæringa. Derfor var vi positive til at utvalet foreslo å innføre eigne reglar om dette.

– Vi skal bruke høvet til enno ein gong å argumentere for at dette er viktig å få inn i lova, seier Handal.

Vil bruke tid

Vi er og positive til at departementet på fleire område har hatt som ambisjon å konkretisere kva som kan bli godkjend som relevante grunngjevingar i saker som blir regulert med skjønnsmessige reglar. Det har Utdanningsforbundet etterlyst på fleire område.

– Vi vil bruke tid til å gå grundig inn i høyringsnotatet på over 700 sider. Vi vil også sende utkastet på høyring i eigen organisasjon, seier Handal.

I arbeidet opp mot opplæringslovutvalet var vi særleg opptekne av at alle barn, unge og vaksne må bli sikra ei god og likeverdig opplæring. Vi var og opptekne av at det må vere ein fornuftig balanse mellom kommunal styring og det profesjonelle handlingsrommet som bør liggje hos profesjonen.

Mange av drøftingane i opplæringslovutvalet si utgreiing (NOU 2029:23) ga etter vårt syn god støtte til lærarprofesjonen. Vi vil gå grundig gjennom høyringsutkastet for å sjå om departementet følgjer opp dette på ein god måte i forslaget til ny opplæringslov.

Forslaget til ny opplæringslov byggjer på utgreiinga frå opplæringslovutvalet (NOU 2019: 23 Ny opplæringslov) og dei over 700 fråsegnene som kom inn til høyringa.
Utdanningsforbundet var ein av dei som leverte eit særs grundig høyringssvar. Det kan du lese her:

Ny opplæringslov: Dette mener vi om lovforslagene

Departementet skriv også at dei har innarbeidd forslag til tiltak frå fleire tidlegare stortingsmeldingar, mellom anna om Fullføringsreforma. Likevel blir mykje frå den noverande lova foreslått vidareført, noko er tatt ut, og nokre nye reglar er tekne inn. Det er eit mål at den nye lova skal bli enda betre for elevane enn lova som gjeld i dag. Dette handlar både om rettar i lova og at lova skal vere enklare å finne fram i og å forstå.

Høyring Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova

Høyringsfristen er 20. desember 2021. Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit lovforslag om ny opplæringslov og endringar i friskolelova for Stortinget våren 2023. Ny lov vil tidlegast tre i kraft skoleåret 2023–2024, ifølgje departementet.