Nå skal regjeringa undersøkje tala om ukvalifiserte lærarar

Steffen Handal, leder i Utdanningsforbundet 2020–2023 (leder i Utdanningsforbundet 2016–2019, 2. nestleder 2013–2015). Bildet er tatt i november 2019.
– Kvalifiserte lærarar i skolen er ei av våre høgast prioriterte saker. Avklaringar kring talgrunnlaget er viktig for å kome vidare i dette arbeidet, og er ei sak vi har kjempa for lenge, seier Steffen Handal.

Regjeringa melder at ho vil undersøkje tal om ukvalifiserte lærarar. – Dette har vi kjempa for lenge, og det er bra at regjeringa nå vil sjå på dette, seier Steffen Handal.

Publisert 25.09.2020

– For å kunne gjere noko med det store problemet at alt for mange lærarar i norsk skole ikkje har godkjend lærarutdanning, er det viktig at vi får eit felles faktagrunnlag på bordet. Kvalifiserte lærarar i skolen er ei av våre høgast prioriterte saker. Avklaringar kring talgrunnlaget er viktig for å kome vidare i dette arbeidet, og er ei sak vi har kjempa for lenge, seier Steffen Handal.

Tidlegare i haust bad han departementet om å rydde opp i statistikken.

Måler ulike ting

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at det er litt over fem prosent ukvalifiserte lærarar i skolen, mens tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det er nesten 24 prosent som underviser utan lærarutdanning, skriv departementet i ei pressemelding.

– Gode og kvalifiserte lærarar er viktige for at elevar skal lære. Difor har regjeringa mange tiltak som sørgjer for fleire lærarar med lærarutdanning i skolen. Samstundes må vi ha eit godt faktagrunnlag i det vidare arbeidet for å få ned talet på dei ukvalifiserte, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby ei pressemelding.

I pressemeldinga skriv departementet at: «Førebelse undersøkingar viser at det er skilnadar i korleis statistikken blir laga som fører til at tala frå SSB og GSI ikkje kan bli heilt like. Mellom anna tel dei to aktørane ulike grupper lærarar. Lærarkompetanse er også målt ulikt. Til dømes har SSB med fleire timeløna lærarar i si oversikt. Når det gjeld kompetanse ser GSI på om læraren fyller krava for tilsetjing medan SSB ser på kva for utdanning læraren har. Dette er likevel ikkje nok til å gje ei fullgod forklaring på dei store forskjellane som har kome fram. Difor skal Utdanningsdirektoratet sjå nærare på dette.»

Opplæringslova til grunn

Utdanningsforbundet legg Opplæringslova til grunn når vi definerer kven som er kvalifiserte og ikkje. Ein ukvalifisert er ein som ikkje oppfyller krava i Opplæringslova for å bli tilsett. Dette handlar altså ikkje om dei som ikkje er kvalifiserte for å undervise i enkelte fag, der det er egne regler.

– Eg håpar at vi snart kan legge diskusjonane kring tala død, og rette innsatsen mot det som er den viktigaste jobben, nemleg å sørgje for at alle elevar har kvalifiserte lærarar, understrekar Handal.

Sitert

Steffen Handal

Leder av Utdanningsforbundet