Nytt leiarråd på plass

En gjeng med mennesker står i en gruppe og ser mot kamera.
Nytt leiarråd. Bak frå venstre: Torill Beitdokken, Innlandet, Atle Danielsen, Oslo, Espen Van der Hoeven, Rogaland, Eskil Dahl Rotherud, Viken, Bente Aalberg, Trøndelag, Trond Hagen, Nordland, Hege Herland Kjellen, Sogn og Fjordane, Paul Ivar Pedersen, Møre og Romsdal. Foran frå venstre: Lene Berglund, Troms, Tormod Korpås, sentralstyret, Berit Dale, Hordaland, Anne Barbro Bystadhagen, Agder. Ikkje til stades: Anne Ingeborg Lium Berger, FAS, Liv Iren Grandemo, UH og Geir Stian Høyen, Finnmark. Foto: Eli Kristine Korsmo

– Eg meiner det er særleg viktig å rette fokus på korleis leiarar opplever kvardagen «der ute», seier Eskil Dahl Rotherud, som er eit av dei nye medlemmene av leiarrådet.

Publisert 27.11.2019

Målsetjinga med arbeidet til leiarrådet er å auke kompetansen til organisasjonen om leiarmedlemmene i skule og barnehage sine behov. Dette skal rådet gjere gjennom nær kontakt med praksisfeltet. Leiarrådet skal gi leiarfaglege råd til sentralstyret og vere eit bindeledd mellom det og fylkesstyret.

– Rådet skal vere ein ressurs i leiarfaglege spørsmål, og samstundes bidra til å styrke leiarmedlemmene sin plass i organisasjonen, seier Tormod Korpås, leiar for leiarrådet.

Rådet består av ein representant frå kvart fylke, samt ein representant frå universitets- og høgskolesektoren, ein frå fagleg-administrativt støttesystem og tre representantar frå sentralstyret. Dahl Rotherud representerer leiarar frå det nye og store fylkeslaget Viken.

Kontaktinformasjon til leiarrådet

– Eg håpar å bidra aktivt innanfor eit bredt spekter av leiarfaglege spørsmål, men det er særleg viktig å rette fokus på korleis leiarar opplever kvardagen «der ute». Eg tenkjer då spesifikt på rettssikkerheit og nok ressursar, både i form av tid og støtte, til å utføre leiarjobben, seier han og fortset:

– Eg meiner at det er viktig å ha fokus på det sterke profesjonsfellesskapet. Det skil vårt forbund frå dei andre. Stoltheit og forståing for dette er det viktig å bringe ut. Vi må jobbe med kommunikasjon slik at vi i større grad klarer å gjere den gode leiarpolitikken vår godt nok kjend blant våre medlemmer. I tillegg, sjølv om mykje er arbeidsgjevar sitt ansvar, er det viktig at vi jobbar med god skolering også for leiarar.