Landsmøtesakene er ute

Landsmøtesal med delegater som har hender i været. De stemmer. På scenen bak sitter ordstryrerbordet og ser utover forsamlingen.
No kan du lese sakene som kjem på landsmøtet i november. Her frå røystinga på landsmøtet i 2015. Foto: Tom-Egil Jensen

No er landsmøtesakene klare og du finn dei på landsmøtenettsidene.

Publisert 23.09.2019

Utdanningsforbundet held landsmøte på Lillestrøm i haust frå 4.-7.november.
Her finn du landsmøtesakene


«Vi utdanner Norge»

«Vi utdanner Norge» er det store politikk-dokumentet som det skal arbeidast med fram til og på sjølve landsmøtet. Dokumentet har allereie vore revidert og handsama av lokal- og fylkeslaga i Utdanningsforbundet. Målet med «Vi utdanner Norge» er å samle Utdanningsforbundet sin overordna politikk i eitt dokument på eit lett tilgjengeleg vis. Politikk-dokumentet skal gjere tillitsvalde og medlemmar trygge på kva Utdanningsforbundet står for, og skal fungere som ein god arbeidsreiskap for tillitsvalde på alle nivå. I tillegg skal «Vi utdanner Norge» gje retning for heile organisasjonen sitt arbeid. Du finn saka her. Meir om bakgrunnen for "Vi Utanner Norge" finn du her


Råd eller ikkje råd?

Ei anna viktig sak landsmøtet skal avgjere er om og eventuelt korleis lærarprofesjonen sitt etiske råd skal vidareførast. Landsmøtesaka bygger på evalueringsrapporten frå Senter for Profesjonsstudiar ved Oslo Met og innspel frå lokal- og fylkeslagsårsmøta. Du finn saka her
Meir bakgrunn om lærarprofesjonens etiske råd finn du her

Andre saker

Du finn og sak om Konstituering, Melding, Rekneskap og Organisasjon her 
Saka om Val kjem i veke 41 når valkomiteen legg fram innstillinga si til kven som skal ha dei ulike verva i Utdanningsforbundet. Aktuell sak kjem og nærare sjølve landsmøtet. Alle desse sakene skal det røystast over på landsmøtet som er på Thon Hotell arena på Lillestrøm.

Du kan lese meir om landsmøtet her