Kva skal vi med studiespesialiserande utdanningsprogram?

Eit nytt temanotat frå Utdanningsforbundet drøftar problemstillingar knytt til den studiespesialiserande utdanningsvegen i vidaregåande opplæring. Foto: Ole Walter Jacobsen

Kva gjer høgre utdanningsinstitusjonar dersom vidaregåande opplæring ikkje førebur elevane godt nok til vidare studium? Dette er eit av spørsmåla vi stiller i dette temanotatet.

Publisert 20.05.2019

No har Utdanningsforbundet publisert eit nytt temanotat som tek opp og drøftar problemstillingar og dilemma knytt til den studiespesialiserande utdanningsvegen i vidaregåande opplæring. I notatet blir det mellom anna sett nærare på kva det inneber å vere studieførebudd og på vidaregåande skule si rolle i kvalifiseringa til høgre utdanning.

Liedutvalet

Eit offentleg utval – Liedutvalet – har fått i oppdrag å vurdere om dagens vidaregåande opplæring tilfredsstiller behova samfunn og arbeidsliv har for kompetanse. Mellom anna skal utvalet svare på om elevane er godt nok studieførebudde når dei går ut av vidaregåande skule. Dette er eit grunnleggande spørsmål som i siste instans handlar om legitimitet, status og kanskje også eksistensen for den studieførebuande utdanninga. Kva svar utvalet gir, vil vere avgjerande for utviklinga av denne utdanningsvegen.

Temanotatet er ein del av kunnskapsgrunnlaget vårt når vi skal påverke endringane i vidaregåande opplæring som vil følgje i Liedutvalet sitt arbeid.

Tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag 

Hovudoppgåva til studiespesialiserande utdanningsprogram er å gi elevane eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for å gå inn i eit akademisk studium på universitetsnivå. Spørsmålet er om tilhøva ligg til rette for at utdanningsprogrammet kan makte denne oppgåva på ein god måte. Det er nemleg eit grunnleggande dilemma knytt til at vidaregåande opplæring og dermed også studiespesialiserande program er ein skule for alle, samstundes som elevane skal vurderast etter standardar sett av dei som skal ta i mot elevane etter fullførd utdanning. Spørsmålet er om dette lar seg sameine på ein måte som er til beste for begge desse omsyna.

Å vere studieførebudd

Både i historisk og i nyare tid har det å vere studieførebudd handla om noko meir enn å ha nødvendige ferdigheiter til å gjennomføre eit studium. Å vere studieførebudd inneber også å ha fått opplæring på vidaregåande nivå i ei heil rekke fag – fag som ikkje nødvendigvis har samanheng med det du vil studere, eller gir ferdigheiter som er nødvendige for å gjennomføre eit studium. Faga det er snakk om, er allmenne fag eller danningsfag.

Vil ikkje ha «smale» akademikarar

Ideen bak dette er at dei som tek akademisk utdanning og går inn i stillingar som krev slik utdanning, skal kunne ha med seg noko meir enn det den aktuelle utdanninga gir. Ein skal kunne sette sin eigen spesialiserte akademiske kunnskap inn i ein breiare samanheng. Tankegangen er at vi ikkje vil ha «smale» akademikarar, anten det er snakk om teknokratar, økonomar eller kva det skal vere.

Spørsmålet er kor slike idear står i dag. Vil dei bli trengt til sida av dei som vil gjere utdanningane meir effektive?

Slike spørsmål og ei rad andre spørsmål knytt til det å vere studieførebudd er drøfta
i dette temanotatet.