Fem nyttige tips til skuleleiarar frå utviklingsprosjekt

Tre jenter står delvis med ryggen til og skriver matteformler på en tavle.
Elevane har fått vere med å diskutere utfordringar og moglegheiter for utvikling av matematikkundervisninga. Dei har og bidratt aktivt i det lokale arbeidet ved skulane. Foto: NORCAN

Over fleire år har skular i Noreg og Canada samarbeidd om eit skuleutviklingsprosjekt. No er sluttrapporten klar. Verdien av elevmedverknad overraska både leiarar og lærarar.

Publisert 19.03.2019

Eit av dei mest tydelege funna frå den nasjonale sluttrapporten frå The Norway – Canada partnership (NORCAN) er verdien av å inkludere elevane i den faglege utviklinga på skulane.

I fire år har elevar, lærarar og leiarar frå tre norske skular samarbeidd om utvikling av matematikkundervisninga saman med andre skular i Alberta og Ontario. Å besøke kvarandre sine skular og klasserom, å styrke profesjonelt samarbeid og dele erfaringar har vore ein viktig del av partnarskapet.

Vi har plukka ut kunnskap og erfaringar frå rapporten som skuleleiarar kan ta med seg vidare. Er du nysgjerrig på heile prosjektet, finn du rapporten her:

Skoleutvikling gjennom internasjonalt partnerskap. Elever, lærere og ledere i The Norway–Canada Partnership (NORCAN) 2015–2018

Fem nyttige tips frå prosjektet

Elevane har fått vere med å diskutere utfordringar og moglegheiter for utvikling av matematikkundervisninga. Dei har og bidratt aktivt i det lokale arbeidet ved skulane.

Ein av dei norske skuleleiarane uttalar at:

Elevstemmen er det artigste ved prosjektet. Jeg skjønner ikke at jeg ikke har lagt mer til rette for å finne den tidligere. Elevene har tilegnet seg et språk der de klarer å snakke om utfordringer og finne løsninger. De er faginteresserte og ønsker at de selv og medelevene skal lykkes. Og de har en kreativitet og finner løsninger som vi bør lytte til.

Involveringa av elevane har vore positivt for arbeidet på skulane. I tillegg har det hatt ein eigen verdi for elevane. Når stemmene deira blir høyrde og respekterte, utviklar dei større eigarskap og tilhøyrsle til skulen. Dei har og utvikla ei betre forståing for og eit språk knytt til eiga læring, viser den ferske rapporten.

Tips nr 1: Ta elevane med i utviklinga av undervisninga!

Ein sentral suksessfaktor var at skuleleiarane var involvert i partnarskapet frå oppstart, og at leiarane deltok aktivt i utviklingsarbeidet. Ei viktig oppgåve for leiarane har vore å strukturere arbeidet og tydeleggjere ansvar og roller – og delta aktivt i diskusjonar om grunngjevingar for endring.

Tips nr 2: Ver tydeleg på roller og ansvarsfordeling

Samtidig ser vi at partnarskapsarbeidet har gjeve leiarane moglegheit til å kome tettare på den faglege utviklinga i klasserommet, og har vore med på å byggje eit sterkare profesjonelt fellesskap på skulen. Ein av leiarane i prosjektet har gjort seg nokre refleksjonar kring dette:

Ved at jeg har engasjert meg sterkt i alt utviklingsarbeid ved skolen har det gitt meg en sterk tilhørighet til det vi driver med – uten å måtte dra alle prosesser selv. Opplever jeg står støtt i personalet når nye utviklingsområder skal presenteres og jobbes med.

Å være tett på, er også helt nødvendig i et slikt prosjekt. Jeg har fått bekreftet hvordan organisering og rammer er med på å forme hva du får realisert. Du må være både i møter med lærere og i klasserommet der undervisning skjer.

Tips nr 3: Ver tett på og delta i utviklingsarbeidet sjølv

NORCAN-partnarskapet har blant anna vist at det er viktig at forskings- og utviklingsarbeid har eit tidsperspektiv som gjev rom for å bygge opp ei felles forståing og engasjement i kollegiet, og at det trengst møtestadar der ein kan dele ny kunnskap og erfaring som kan ha overslag på tvers av trinn og fag. Mange av skulane har vist interesse for å utvikle ein delingskultur.

Tips nr 4: Sørg for god forankring i kollegiet– at «alle er med»

I profesjonsdrivne forskingsprosjekt trengst det også ulike former for ekstern støtte. NORCAN-rapporten viser at fleire av lærarane har lite erfaring med å drive med aksjonsforsking, og at det trengst jamleg oppfølging frå forskaren om korleis læring og endring kan bli dokumentert undervegs i prosjekta. Det er eit stort potensiale for skular og leiarar å knytte til seg ulike former kompetanse frå universitets- og høgskulesektoren, og særskilt i lærarutdanninga. 

Tips nr 5: Sørg for god ekstern støtte og kompetanse i forskings- og utviklingsarbeid

Dette seier ein av leiarane i rapporten:

Jeg mener at skolebasert utviklingsarbeid er den beste måten å drive utviklingsarbeid på en skole. Det tar litt lengre tid, men med respekt for lærere, respekt for ulikhet og ulike interesse/mestringsfelt, må man bli enige om hva skolen trenger å jobbe med, og så må man stå i det sammen – lenge. Jeg tror at det viktigste vi har fått til gjennom NORCAN er å profesjonalisere samarbeid og felles refleksjon rundt det vi driver med – nemlig undervisning.