Byggjer nye lokallag over heile landet

Dei to lokallagsleiarane i Asker og Hurum, Berit Roald og Børre Holen, er optimistiske med tanke på framtida som eitt lokallag. Foto: Eli Kristine Korsmo

Over 40 «nye» lokallag ser dagens ljos i løpet av året i samband med kommunesamanslåingane. I «nye» Asker skal tre lokallag bli til eitt.

Publisert 21.03.2019

– Det aller viktigaste er å bli godt kjend med kvarandre. Vi starta prosessen med felles styreseminar for lokallaga allereie i 2017 og følgde opp med ein overnattingstur i 2018. Vi jobba mykje med agendaen på førehand og fekk tatt mange viktige avgjerder, fortel Berit Roald.

Ho er lokallagsleiar i Asker, som skal slå seg saman med Hurum og Røyken. Den nye kommunen blir ein del av Viken, men dei kjem frå to ulike fylkeskommunar og er van med ulike kulturar i fylkeslaga.

Tillitsvalde gjer ein viktig jobb

Terje Skyvulstad, nestleiar i Utdanningsforbundet, seier at den store jobben mange tillitsvalde lokalt gjer nå har ein stor verdi for organisasjonen.

– Vi ønskjer å vere så medlemsnære som mogleg og da er det veldig viktig at dei nye lokallaga fungerer godt allereie frå dag ein, seier han.

Dei nye kommunane som skal slå seg saman i denne runden av kommunereforma gjer det frå 1. januar 2020. Vedtektene i Utdanningsforbundet er slik at det skal vere eitt lokallag per kommune. Derfor må lokallaga seinast slå seg saman same dato som kommunane. Men ein del av lokallaga har søkt om å få slå seg saman allereie frå 1. august og har fått innvilga søknadane.

Dette inneber at over 40 «nye» lokallag blir danna i Utdanningsforbundet i løpet av 2019. Endringane vil ha følgjer for om lag 120 lokallag.

– Vi forstår kor omfattande og tøft dette arbeidet er for våre lokale tillitsvalde, som må ta hand om både samanslåing av lokallag og samstundes sørgje for at vi er med i dei viktige prosessane i kommunane. Eg er glad for at vi har eit så godt apparat av lokale tillitsvalde. Dei er i førstelinja og gjer den aller viktigaste jobben, seier han.

Vi ønskjer å vere så medlemsnære som mogleg og da er det veldig viktig at dei nye lokallaga fungerer godt allereie frå dag ein. Terje Skyvulstad, nestleiar i Utdanningsforbundet

Har danna samarbeidsråd

I Asker er det foreløpig god stemning. Storebror Asker har lagt vinn på at dei to mindre lokallaga Røyken og Hurum skal ha like mykje påverknad på prosessen som dei sjølve. Lokallagsleiar i Hurum, Børre Holen, er så langt optimistisk med tanke på framtida.

– Vi har danna eit samarbeidsråd med to representantar frå kvart lokallag, som skal førebu fusjonen. Her må eg rose Asker, som eg synast har vore raus og sørgt for ein god dialog. Eg har inntrykk av at alle er interessert i å gjere det beste for det nye lokallaget og at folk ikkje har ein personleg agenda, seier Holen.

Han fortel at styremedlemmene i Hurum har vore litt skeptiske til å skulle slå seg saman med store Asker, men at det gjekk fort over når dei vart kjend med kvarandre. Asker har i dag om lag 1550 medlemmer, mens Røyken har om lag 500 og Hurum 200 medlemmer.

– Eg er opptatt av at vi skal venne oss til å tenkje at vi er ein kommune. I valkomiteen til det nye styret er vi likt representert for å få ein god oppstart der alle er tatt vare på. Men eg tenkjer at vi på sikt må vere mest opptatt av kven som vil gjere ein best mogleg jobb for lokallaget og ikkje kva for eit lokallag ein høyrde til tidlegare, meiner Holen.

Positivt med større lokallag

Han trur samanslåinga vil gje positive ringverknadar for medlemmene.

– Eg har vore aleine som lokallagsleiar og hovudtillitsvald, og da blir det sårbart. Nå blir det fleire å spele på. Eg har inntrykk av at få er negative og at dei fleste ser at vi blir ein større og sterkare organisasjon, seier han.

Lokallaget i Asker har korte avstandar til medlemmene, mens det tek over ein time å kome seg til Hurum.

– Eg veit at for andre delar av landet er dette korte avstandar, men for oss blir det ein overgang. Vi jobbar med å vere medlemsnære og er ofte på besøk hos klubbane. Lengre reiseveg krev meir planlegging og tid. Vi planlegg å ha litt ekstra ressursar å gå på det første året, slik at vi har råd til nokre medlemsnære aktivitetar, seier Berit Roald.

Her er dei nye lokallaga som blir danna i løpet av 2019:

Nordre Follo (Ski og Oppegård)
Lillestrøm (Skedsmo, Fet, Sørum)
Drammen (Drammen, Nedre Eiker og Svelvik)
Asker (Røyken, Hurum og Asker)
Hammerfest (Hammerfest og Kvalsund)
Ullensvang (Odda, Ullensvang og Jondal)
Bjørnafjorden (Fusa og Os)
Øygarden (Sund, Fjell og Øygarden)
Alver (Meland, Radøy, Lindås)
Voss (Voss og Granvin)
Molde (Molde, Midsund, Nesset)
Fjord (Stordal og Norddal)
Ålesund (Ålesund, Skodje, Sandøy, Haram, Ørskog)
Volda (Volda og Hornindal)
Hustadvika (Fræna og Eide)
Steinkjer (Steinkjer og Verran)
Namsos (Namsos og Namdalseid)
Nærøysund (Vikna og Nærøy)
Narvik (Narvik, Ballangen og del av Tysfjord)
Hamarøy (Hamarøy og del av Tysfjord)
Stavanger (Stavanger, Rennesøy og Finnøy)
Sandnes (Sandnes og Forsand)
Stad (Selje og Eid)
Sunnfjord (Naustdal, Gaular, Jølster og Førde)
Sogndal (Sogndal, Balestrand og Leikanger)
Kinn (Flora og Vågsøy)
Hitra (Hitra og del av Snillfjord)
Åfjord (Åfjord og Roan)
Heim (Hemne, Halsa og del av Snillfjord)
Ørland (Bjugn og Ørland)
Midt-Telemark (Bø og Sauherad)
Tjeldsund (Tjeldsund og Skånland)
Senja (Torsken, Lenvik, Berg og Tranøy)
Lyngdal (Lyngdal og Audnedal)
Lindesnes (Mandal, Marnardal og Lindesnes)
Kristiansand (Kristiansand, Søgne og Songdalen)
Holmestrand (Hof, Holmestrand og Sande)
Tønsberg (Tønsberg og Re)
Larvik (Larvik og Lardal)
Moss (Moss og Rygge)
Indre Østfold (Askim, Trøgstad, Eidsberg, Hobøl og Spydeberg)

Tidlegare samanslåtte lokallag:

Sandefjord (Sandefjord, Stokke og Andebu)
Færder (Nøtterøy og Tjøme)
Indre Fosen (Leksvik og Rissa)
Trondheim (Trondheim og Klæbu)
Orkland (Orkdal, Meldal, Agdenes og del av Snillfjord)

Sitert

Terje Skyvulstad

1. nestleder