Nesten alle likar å vere arbeidsplasstillitsvald

Dame med mørkt hår og mørk jakke smiler til kamera.
– Eg synast det er flott at så mange likar å vere tillitsvald på arbeidsplassen sin. Det er viktig for motivasjonen i arbeidet og viktig for organisasjonen vår, seier Hege Valås, nestleiar i Utdanningsforbundet. Foto: Sol Nodeland

Vi har spurt dei arbeidsplasstillitsvalde om korleis dei opplever vervet sitt. Heile 9 av 10 likar å vere tillitsvald.

Publisert 13.11.2018

– Eg synast det er flott at så mange likar å vere tillitsvald på arbeidsplassen sin. Det er viktig for motivasjonen i arbeidet og viktig for organisasjonen vår, seier Hege Valås, nestleiar i Utdanningsforbundet.

Her finner du undersøkinga.

45 prosent av dei spurde er heilt einige i at dei likar å vere tillitsvald, medan 43 prosent er delvis einige. 95 prosent er heilt eller delvis einige i påstanden «Ved å være tillitsvalgt gjør jeg noe betydningsfullt for medlemmene på arbeidsplassen min».

Utdanningsforbundet har 5725 arbeidsplasstillitsvalde. Dei arbeidsplasstillitsvalde gjer ein viktig jobb for Utdanningsforbundet, og landsmøtet vedtok i 2015 ei satsing på å rekruttere og styrke dei arbeidsplasstillitsvalde (ATV) og klubbane. For å sikre eit faktabasert og målbevisst arbeid med dette, var det eit behov for å vite meir om status. Derfor vart det laga ei undersøking som har gått ut til 2978 tillitsvalde. Av desse svarte 1371.

Kvifor tar folk verv?

Vi ville undersøke kvifor medlemmene vel å ta på seg verv. Dette er eit viktig aspekt ved motivasjon. Her var det mogleg å gje fleire svar. Det flest peikar på, 6 av 10 av dei spurde, er at «Vervet gir innflytelse på viktige beslutninger på arbeidsplassen».

På same tid seier 44 prosent at det ikkje var nokon andre som ville ta på seg vervet. Vidare seier mange (42 prosent) at det er ei nyttig erfaring å ta med seg, medan 42 prosent oppgjev at nokon måtte ta ansvar for det lokale arbeidet.

Fagforeiningsaktivitet på arbeidsplassen

– Vi ville gjerne vite meir om vilkåra medlemmene har til å drive fagforeiningsarbeid på arbeidsplassen. Legg arbeidsgjevar til rette for slikt arbeid? Og får dei delta når avgjerder skal takast?, seier Hege Valås.

Om lag halvparten av dei tillitsvalde svarar at det blir lagt til rette for det, medan 36 prosent svarar «Verken i stor eller liten grad». Berre 15 prosent svarar i liten eller svært liten grad. Det blir lagt meir til rette for slikt arbeid i skulen enn i barnehagen.

 

Undersøkinga har gitt oss ein god peikepinn på korleis dei tillitsvalde opplever vervet sitt. Vi vil bruke svara til å arbeide vidare for å styrke dei tillitsvalde på arbeidsplassane. Hege Valås, nestleiar i Utdanningsforbundet

 

Over halvparten av dei tillitsvalde oppgjev at dei blir inkluderte i avgjerdsprosessar som handlar om arbeidsforholda til medlemmene. Her er det forskjell på medlemsgruppene. I vidaregåande skule blir 70 prosent tatt med, mot 65 prosent i grunnskulen og berre 56 prosent i barnehagen. Færrast er det i FAS, der berre 37 prosent oppgjev at dei blir tekne med i avgjerdsprosessar.

Vi spurte også om dei blir tekne med i prosessar som gjeld det profesjonsfaglege arbeidet. Her svarar om lag halvparten av dei tillitsvalde i både barnehage og skule at dei gjer det, medan berre 27 prosent svarar at dei i stor eller i svært stor grad blir tekne med i prosessar som gjeld det profesjonsfaglege arbeidet.

– Her har vi ein jobb å gjere, eg meiner at alle tillitsvalde skal bli tekne med i slike prosessar. Dette er ikkje berre vårt ansvar, her må arbeidsgjevarane ta sin del av ansvaret, seier nestleiaren.
Samstundes ser vi at over halvparten meiner at arbeidet som tillitsvald tek for mykje tid, og nær 7 av 10 brukar fritida på tillitsvaldsarbeid.

Kor sterkt står Utdanningsforbundet?

Samla meiner 8 av 10 tillitsvalde at Utdanningsforbundet står sterkt på arbeidsplassen deira. Størst oppslutning om dette finn vi i vidaregåande opplæring, og lågast i barnehage.

Når det gjeld støtte frå andre delar av organisasjonen svarar dei fleste tillitsvalde at dei får støtte frå andre medlemmer på arbeidsplassen og frå klubbstyret når dei utøver vervet sitt. Dei får og nyttige råd både frå lokallaget og frå fylkeslaget. Når dei skal peike på den personen dei meiner er viktigast for å kunne utøve vervet sitt, svarar flest den hovedtillitsvalde.

Den aller viktigaste oppgåva til dei tillitsvalde, er å hjelpe medlemmer i konfliktar. Dei meiner og det er viktig å vere sparringspartnar for leiinga i utviklinga av arbeidsplassen, og å ta i vare lønns- og arbeidsvilkåra til dei ansatte.

– Undersøkinga har gitt oss ein god peikepinn på korleis dei tillitsvalde opplever vervet sitt. Vi vil bruke svara til å arbeide vidare for å styrke dei tillitsvalde på arbeidsplassane, fortel Valås.

Sitert

Hege Valås

2. nestleder